Os Idrettspark har investert i sporsetjar, og med gårsdagens solide snøfall er forholda på Kuventræ no strålande.
– Eg og kollegaen min, Olav Endre Monstad, har drøymt om dette ei stund. No passa det endeleg å gjennomføra, seier Trond Erik Nilsen frå Os Idrettspark og Osbadet.
- Video og bildeserie: Skirennet på golfbanen for to veker sidan
Løpebanen er i dag brøytt. I tillegg er det laga til saman fire skiløyper p banen og på kastfeltet ved sidan av.
– På kastebanen har vi éi kort og éi litt lengre løype, mens på løpebanen har vi preparert to like løyper.
![Trond Erik Nilsen ønskjer osingar velkommen til vinterland på Kuventræ. (Foto: Kjetil Osablod Grønvig)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2F5c1f62884e83867f4e0f9080c69eeead41f3f3fb-1140x760.jpg%3Frect%3D0%2C38%2C1140%2C684%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)
Fleire som vil ha gode spor
Nilsen seier det allereie er fleire som har tatt kontakt med ønskje om skispor andre stadar.
– Vi har nok ikkje kapasiet til å laga løyper andre stadar, men det er mogleg at vi kan leiga ut sporsetjaren.
– Sleden er ein enkel sak som kan festast til fleire typar framkomstmiddel.
![Denne kan leigast. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2F4617042b0a08001274b16402d4b744adabb306d7-1140x760.jpg%3Frect%3D0%2C38%2C1140%2C684%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)
– No vert det altså ski og dermed også skistavar som skal brukast på løpebanen. Kan det bli problematisk?
– Løpebanen får kontinuerleg bank av løpesko med piggar elles i året, litt skistavar skal nok gå bra.
Fryktar ikkje kø
Dette kan fort bli eit populært tilbud til dei skiglade i kommunen.
– Det kan jo sjølvsagt enda opp med mykje folk i løypene, vi har difor laga litt ulike løyper. Eg tenkjer at løypene på kastebanen er veldig barne- og familievenlege, mens løypene på løpebanen kanskje passar best for dei som skal meir opp i fart for å mosjonera, avsluttar Nilsen.
![Ein meir barnevennleg løype er å finna på kastebana. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fcdn.sanity.io%2Fimages%2Fahcmq7tx%2Fproduction%2Ffb67ee42fdd17245ee6f365c710355c7196c45d6-1140x760.jpg%3Frect%3D0%2C38%2C1140%2C684%26w%3D752%26h%3D451%26q%3D100%26dpr%3D2&w=3840&q=75)