Kultur | 23. juni 2015

Har laga song til oselvaren

– Da e' ei hyllest, seier Bjørn Jensen om låta som skal spelast under dragebåtdåpen fredag. Søndag kjem Ausekarane til Øyane.

Har laga song til oselvaren
Bjørn Jensen. (Arkvifoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. juni 2015 20:12

Bildeserie:

Bjørn Jensen. (Arkvifoto: KVB)
Bjørn Jensen. (Arkvifoto: KVB)
Søndag kjem Ausekarane til Vedholmen Landhandel i Øyane. (Foto: KVB)
Søndag kjem Ausekarane til Vedholmen Landhandel i Øyane. (Foto: KVB)
1 av 2

(VIDEO: Låta Fini Bikini er del av årets show med Ausekarane. Det er også songen til oselvaren, men den er det førebels ikkje laga musikkvideo til)

Fredag ettermiddag skal ordførar Terje Søviknes døypa ein dragebåt som får namnet Hamnesjefen. Båten er ein av dei som skal brukast under dragebåtfestivalen i Os siste helga i august.

– Rune Nilsen frå Underholdning Vest har fått tak i låta frå Bjørn Jensen, som har laga den. Men Jensen har dessverre ikkje tid til å koma og spela den for oss før han kjem her med resten av Ausekarane, fortel Tore André Sagstad.

Over 10 av dei 30 laga det er plass til er no påmeldt til festivalen.

Men først er det dåp med oselvarsong - og så kjem Ausekarane til både Vedholmen og Os.

– Frå ved til smykke

Bjørn Jensen, også kjent frå Vinskvetten, fortel at det er ei stund sidan han skreiv låta.

– Eg var på båttur til Austevoll med Dag Lindebjerg. Vi besøkte ein som bygde oselvar, og då sa han, «ein sånn skal du ha, Bjørn». Og sånn vart det.

Strilen frå Salhus er nøgd med båten og blei inspirert til å skriva ein song.

– Dei som ventar at den skal vera vittig blir nok skuffa, låta er ei hyllest. Låta handlar litt om korleis folk på 60- og 70-talet kasta gamle oselvarar på bålet, mens dei no bygger og reparerer på dei og behandlar oselvaren som det han er, eit smykke.

Rekordstort billettsal

Premieren på Ausekarane torsdag er utselt, det er også den neste, på Brattholmen, der det er sett opp ekstranummer.

– Vi har aldri hatt så godt førehandssal som no. I dag sette vi opp ekstranummer også i Bakkasund, fortel Jan Arne Knutsen, som styrer bookinga for Ausekarane.

Søndag kjem Ausekarane til Vedholmen. Der var 200 av dei 300 billettane i går kveld selt.

Søndag 12. juli kjem dei til Os sentrum, der det allereie er selt 60 billettar.

– Etter at vi la ut musikkvideoen til Fini Bikini (sjå over) tok det av med billettsalet, fortel Knutsen.

Albumet til årets show med Ausekarane, som inneheld songen til oselvaren, kjem i sal i morgon, onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.