Lokal | 11. nov. 2012

- Har lyst til å strekka det langt

Han skal utvikla 800 dekar næringsareal i Lyseparken. - Eg har lyst til å få til noko blir både annerleis og nytt, seier utviklingsdirektør Cato Zachrisen.

- Har lyst til å strekka det langt
Cato Zachrisen starta som utviklingsdirektør for Lyseparken 1. november (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 11. nov. 2012 08:59

Cato Zachrisen (38), busett på Bjorøy i Fjell kommune starta 1. november i stillinga som utviklingsdirektør for Lyseparken, den kommunale næringsparken i Endelausemarka.

- Det har stort sett gått i å lesa reguleringsplanar, gamle møtereferat og drøftingar så langt.

- Mange gode tankar har vore tenkt av dyktige folk, slår den nytilsette utviklingsdirektøren fast etter berre ti dagar i sjefsstolen.

Så langt Torkildsen kastar

Zachrisen blei henta til stillinga frå jobben som eigedomssjef i det statlege eigedomsselskapet Entra som forvaltar 1,2 millioner kvadratmeter med kontorlokaler over heile Noreg.

Sjølv hadde han ansvaret for Vestlandet med store utbyggingar i Stavanger og Bergen.

- Det siste prosjektet eg var med på i Entra var selskapets forslag til den nye medieklyngen i Bergen, et bygg på omlag 50 000 kvaderatmeter.

Mediebyen Bergen skal samla verksemda til TV2, NRK, BT og BA i eitt område.

- Det er store tilhøve det er snakk om. For å illustrera størrelsen på bygget brukte vi spydkastar Andreas Torkilsen som døme.

- Om han starta tilløpet sitt i resepsjonen og satte ny verdsrekord ville kastet akkurat nå veggen på motsatt side. Det var ei samenlikning sportsfolka i TV2 skjønte, smilar Zachrisen.

Ei unik moglegheit

Førebels vil han ikkje trekkje fram lignande samanlikningar for Lyseparken, men ein ting slår han fast.

- 800 dekar med næringsareal som skal husa handel, kontorer, lager og industri er eit utruleg stort areal.

- Det at kommunen eig heile området og at vi skal utvikla det under eitt konsept var noko av det som trakk då eg blei tilbudt stillinga.

- Dette skal bli eit døme på næringsarealutvikling som andre vil sjå til og koma for å studera når det står ferdig noken år fram i tid.

- Korleis ser du for deg at området blir?

- Det er det nok litt tidleg å seie noko om enno, men det skal bli ei god blanding av noe annerleis og nytt.

- Noko av det viktigaste blir å laga eit konsept som gjer at det blir liv i Lyseparken både på dagtid og kveldstid. Vi skal tenkje nytt i høve til kva er den optimale arbeidsplassen. Difor vil nok mykje av tida mi no i starten gå med til å snakka med folk i forskjellige verksemder, på høgskuler og andre plassar for å høyre med dei kva dei tenker omkring det.

- Eg er iallefall sikker på at det ikkje er likegyldig kva som er på utsida av kontorveggane, og det skal vi bygga inn i konseptet.

Vil utfordra

Den nytilsette utviklingsdirektøren er sjølv lokalpolitikar for Høgre og sit i kommunestyret i Fjell.

For å få til eit heilskapleg konsept kor òg ein tek med seg behova for bustader, barnehager, skule og fritidstilbod for å få dei rette bedriftane til å etablera seg i Lyseparken ser Zachrisen for seg at bakgrunnen frå lokalpolitikken kan koma til nytte.

- Eg vil nok koma til å utfordra både styret i Lyseparken og lokalpolitikarane i Os på det å tenka heilhetleg. Då trur eg kunnskapen om lokalpolitikken vil koma til nytte.

- Noko av det eg er mest spent på er kor langt vi får lov til å dra det.

- Eg har lyst til å strekka det langt, smiler Zachrisen.

- Ikkje eit industriområde

Sjølv om han framleis har mykje å setta seg inn i er Zachrisen klar på kva Lyseparken ikkje skal bli.

- Det er ikkje eit industriområde, men ein nærings- og handelspark. Og forskjellen på det skal vi få frem etterhvert.

- Bergenområdet treng eit cluster av handel og næring i sør. Når det gjeld Åsane som er størst på storhandel er til dømes dei trafikale utfordringane begrensande allereie.

- Kva slags verksemder ser du for deg då?

- Det er det alt for tidleg å seie noko om, men å få større varehus innan varegrupper som til dømes møblar, sport og elektronikk kan ein jo vera ein tanke, drodlar utviklingsdirektøren som ser for seg heile Noreg som marknad når han skal ut å promotera Lyseparken. Vi må dra dit beslutningstakerne sitter.

- Du veit det blir ikkje mange minutt til Flesland når vegen er ferdig, så plasseringa vil vera ideell også for firma som er mykje på reise.

Ferdig, men under utbygging

Ei av dei store utfordringane Zachrisen får er å utvikla parken samstundes som verksemder har etablert seg der.

- Det blir viktig å få på plass spesielt handel til nyevegen opnar i 2018.

- Samstundes må ikkje dei som etablerar seg tidleg oppleve at dei driv på ein byggeplass. Det å utvikla området suksessivt med nye verksemder utan at dei etablerte opplever det som støyande blir ei utfordring, men samstundes er vi i den heldige situasjonen av vi eig heile området og sit i førarsetet. Det gjer at eg har god tru på at vi skal få det til, avsluttar Cato Zachrisen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.