Lokal | 25. juni 2020

Har målt badetemperatur og bakterienivå

Éin plass skil seg ut på kvalitet.

Har målt badetemperatur og bakterienivå
Badetemperaturen skal ha passert 20 gradar i Mobergsvikjo - men bakterienivået er noko høgt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. juni 2020 12:37


Bjørnafjorden kommune er i gang med måling av temperatur og bakterienivå ved åtte badeplassar i sjø og ferskvatn.

Også Badetassen.no måler temperatur, registrering frå 14.30-tida i dag viser at både Hagafjøra, Mobergsvikjo og Vinnesholmen byr på sjø med over 20 varmegradar.

Kommunen sine målingar er frå tysdag denne veka.

Dei viser 15-16 gradar i sjøen og 19-20 gradar i ulike vatn.

Her er resultata frå tysdag 23. juni:
Gåsakilen 20 (mindre enn 10 TKB)
Kuvågen 16 gradar (10 TKB)
Mobergsvikjo 15 gradar (660 TKB)
Moldafjøro 16 gradar (mindre enn 10 TKB)
Sigurdsvika 19 (mindre enn 10 TKB)
Skeisstøa 16 (mindre enn 10 TKB)
Søvikvågen 15 (mindre enn 10 TKB)
Vindalsvatnet 20 (10 TKB)

7 av 8 vatn har greit nivå av termostabile koliforme bakteriar (TKB). Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 mililiter vatn. Helsemyndigheitene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000.

I Mobergsvikjo blei det registrert eit nivå på 660 TKB tysdag.

– Målinga i Mobergsvikjo er ikkje representativ, seier Agnete Haugland frå Bjørnafjorden kommune.

– Den blei gjennomført på fjøre sjø, og vi kom ikkje langt nok ut.

– Det er ikkje grunn til uro eller ekstra overvaking av kvaliteten framover?

– Nei. Vi følgjer med, og gjennomfører måling kvar tysdag framover, men ser ikkje grunn til å følgja ekstra med på Mobergsvikjo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.