Lokal | 29. nov. 2017

Har merkt 23 turstiar

Os kommune, i samarbeid med Os Turlag har no merkt heile 23 turstiar i kommunen.

Har merkt 23 turstiar
På Gjemdal i Hegglandsdalen har det kome tre nye turskilt i løpet av 2017 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 29. nov. 2017 12:33

I 2011 søkte, og fekk, Os kommune midlar frå Gjensidigestiftelsen/fylkeskommunen til å starta eit prosjekt for å merka turstiar i kommunen i tråd med ein internasjonal standard og fargekodar som seier noko om kor krevjande turen er.

Stiane er merkte med grøne, blå, raude og svarte symbol.

– Vi har no merkt 23 stiar rundt om i kommunen, fortalde Roar Haugsgjerd då han orienterte tenesteutvalet onsdag.

20 av turane er å finna på ut.no

Fem nye turar i år

Merkinga og tilrettelegginga av stiane skjer i tett samarbeid med dugnadsgruppa til Os Turlag.

– Dugnadsgruppa i Os Turlag har brukt mykje tid på å tilretteleggja turstiane opp mot Rødsfjellet. Her har dei laga klopper og bruer der dette har vore eit behov. Dei har jobba med sikring av stien mellom Skavhedlo og Kilen, samt sluttført arbeid med klopper og bruer på Tøsdal, som var påbegynt i 2016.

– Av turar vi har merka i år finn vi frå Gjemdal til Rødsfjellet og vidare inn til Krokvatnet, frå gjemdal til Møsnuken, frå Tveit til Tyskarflyet, vidare til Møsnuken, får Eide til Skavhedlo, vidare til Kilen og tilbake til Eide og frå Eide til Lio og vidare til Rødsteinen.

100 nye skilt

Totalt har det vorte montert 100 nye turskilt og kome opp 5 nye informasjons-/karttavler i tilknyting til stiane som er merkte i 2017.

– Eg vil òg trekka fram våre eigne folk både på kartavdelinga, som får registret turane i kartgrunnlaget og folka på teknisk drift som er inne og ser på moglegheiter for parkering når vi planlegg nye turar.

– Nettopp parkering er ei utfordring som er vanskeleg med eit merkeprosjekt. På normale vekedagar er det kanskje ikkje det største problemet med i helgene og på fine sommardagar har vi sett det til dømes på Tøsdal og Moberg. Folk liker visst å køyre eit godt stykke før dei startar på turen, men den kan like gjerne starta i sentrum, påpeikte Haugsgjerd, som fortalde at kommunen no legg til rette for 7-8 nye parkeringsplassar på Midtsæter etter initiativ frå grunneigaren.

Ha respekt for naturen

Før stimerkinga kan ta til må kommunen inngå ei avtale med grunneigaren om dei får lov til å merka stien og kor den skal gå.

– Det er ikkje alle som tenkjer på at når dei er ute på tur i skog og mark, så er det folk som eig området dei går i. Det skal ein ha respekt for.

– Grunneigarane er kjempeviktige og vi har eit fantastisk bra samarbeid. Det er viktig at grunneigarane får koma med sine synspunkt både til traséval og om det er enkelte stader vi må gjera tiltak.

– Dette arbeidet er det dugnadsgruppa til Os Turlag som i det store og heile tek seg av, med bygging av kloppar, bruar og tilsvarande, fortalde Haugsgjerd, som i arbeidet med merkinga også har samarbeidd med meistringsteamet i ungdomsskulane og hatt med seg ungdommar derfrå ut i marka.

Planlegg turkort

Haugsgjerd fortalde også at ein ønskjer å gjera turane enno meir tilgjengelege for folk i tillegg til at dei blir registrert på ut.no

– Saman med ein lokal leverandør jobbar vi med å laga turkort for alle turane, kor ein får eit ark som omtaler turen, kor start og slutt er, kor vanskeleg eller hard den er og med eit kart som viser kor den går.

– Vi nyttar også mykje tid på infotavlene som står ved start- og sluttpunkta for å informera korleis folk skal oppføra seg med tanke på boss, båndtvang og generelt i naturen, fortalde Haugsgjerd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.