Har oppretta sak etter at bil hamna i sjøen
Vil undersøka om bilførar og bileigar handla uaktsamt.

Laurdag i 12.20-tida kom det melding om bil i sjøen i Os hamn. To personar hamna òg i sjøen, men kom seg uskadde på land.
Uhellet skjedde i samband med sjøsetjing av ein båt på slippen til Oselvarlaget i Hamnevegen.
Eit vitne fortel at dei uheldige sjøsetjarane på førehand hadde uroa seg over at handbremsen på bilen ikkje fungerte, noko som normalt ikkje er eit problem, så lenge nokon sit i bilen og trør inn fotbremsen.
– Begge var ute av bilen då båten byrja å dra bilen med seg i sjøen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Dei hadde lagt steinar bak hjula, som kompensasjon for manglande bremsar, men det var ikkje nok.
– Ingen av dei er mistenkte for promillekøyring, og begge blåste til null. Men det er oppretta sak for å undersøkja om dei handla uaktsamt.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.