Næringsliv | 17. nov. 2019

Har overtatt og «henta» Rammebutikken på Os

Etter tre år i Os Næringspark har Bildeprint utvida med både rammeverkstad og kunstmateriell.

Heine Lønningen framfor butikken i Os Næringspark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. nov. 2019 21:01

Bildeserie:

Med på lasset; rikeleg med maling. (Foto: KVB)
Frå før har dei rammer og ei rekkje fotoprodukt. (Foto: KVB)
No har dei overtatt Rammebutikken Os - og flytta den til næringparken. (Foto: KVB)
Med på lasset; rikeleg med maling. (Foto: KVB)
Frå før har dei rammer og ei rekkje fotoprodukt. (Foto: KVB)
1 av 3
Frå før har dei rammer og ei rekkje fotoprodukt. (Foto: KVB)
No har dei overtatt Rammebutikken Os - og flytta den til næringparken. (Foto: KVB)
Med på lasset; rikeleg med maling. (Foto: KVB)

I 2016 flytta Fotolaben AS saman med Pj Import AS inn som nabo til Os folkebibliotek, og seinare Rørleggeriet, i Os Næringspark.

Dei to selskapa driv Bildeprint, som òg er nettbasert, og import og sal av fotoprodukt og spegl, sistnemnde òg med nettbutikk.

– Vi fekk ein grei start, sidan har det gått jamt oppover. Det har vore godt å ha to bein å stå på, både lokale kundar som er innom i butikken, og dei som bestiller via nett, er viktige for oss, seier Heine Lønningen.

Han driv selskapa saman med Jim Ertesvåg.

– Vi har òg nokre faste, gode bedriftskundar, for eksempel fotografar som bestiller i høgare volum.

Overtok Rammebutikken Os

I oktober i fjor fortalte Kristin Våge, som overtok etter Dina Nordahl-Pedersen, at ho såg etter nokon som kunne driva Rammebutikken Os vidare.

I oktober i år kom Fotolaben inn i bildet.

– Vi har overtatt alt av maskiner og utstyr, og flytta dette opp i butikken vår i næringsparken. I tillegg har vi investert i nye maskiner og utstyr for innramming.

– Anten du vil ha bilde på lerret eller i spesialtilpassa ramme, bilde eller kunsverk, diplomar eller ei tskjorte med autograf på, så kan vi ramma det inn. Vi tilbyr òg digital kutting av passepartout, og reparasjon av rammer og spegl med knust glas.

Kunstnarar og hobbykunstnarar

Då Bildeprint overtok Rammebutikken tok dei òg med seg utvalet av kunstnerfargar, acryl og oljemaling - og fører no merker som New Holland, Amsterdam, Rembrandt og Van Gogh.

– Fleire i kunstnarmiljøet i Os er allereie kundar hos oss, men vi har òg ungar og folk som har maling som hobby, som kjem for å kjøpa lerret, malerplater eller penslar hos oss.

– Det har vore gode tilleggsprodukter for butikken vår, desse vi overtok frå rammebutikken. Saman med eksisterande utval, frå julekort og takkekort til gåveartiklar med trykk på kopp eller tskjorte, byrjar vi å få eit ganske komplett utval.

– Det gjeld òg verkstaden og utstyrsparken vår, der vi òg gjennomfører digitalisering av gamle bilde, og overføring av video til dvd eller på minnepenn, seier Heine.

Laurdag hadde dei den prisvinnande fotografen Kristin Risa på plass i butikken for å ta bilde til julekort. (Vi skreiv først at dette var eit gratistilbod. Det var det ikkje)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.