Lokal | 06. feb. 2021

Har på 9 år kursa nærmare 1000 ungar

Søre Neset har gått frå «Julabygdo» til «Dansebygdo».

Har på 9 år kursa nærmare 1000 ungar
Full konsentrasjon på dansekurs på Haugland. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 06. feb. 2021 08:55

Denne veka var det i ungdomshuset på Haugland semesterstart for unge håpefulle danse-emne frå heile kommunen.

Måndag var det to kurs i ballett, eitt for born mellom fem og åtte år og eitt for dei som er frå ni år og oppover.

Tysdag var det ikkje mindre enn fire kurs i hip-hop, fordelte på alderstrinn,.

På torsdag inviterte arrangøren, Søre Neset ungdomslag, til heile tre kurs i Bevegelse til musikk - desse fordelte i aldersgrupper frå fire til seks år.

Søre Neset ungdomslag tilbyr no og ballettkurs. Her frå første øvinga denne veka. (Foto: Søre Neset ungdomslag)
Søre Neset ungdomslag tilbyr no og ballettkurs. Her frå første øvinga denne veka. (Foto: Søre Neset ungdomslag)

Nær fullteikna

Styremedlem i ungdomslaget, Nina Fagerlid, fortel at nær alle kursa er fullteikna, og på nokre av kursa er det venteliste.

– Vi har jo hatt våre stopp og utfordringar grunna pandemien vi òg, men no er det utruleg kjekt å sjå at vi er i gang igjen, og ikkje minst at tilboda våre er så populære.

Fagelid fortel at semestra plar bli avslutta med eit stort og utselt danseshow i Oseana, men at det i fjor ikkje let seg gjera.

– Vi må nok erkjenna at det ikkje ser positivt ut for ei liknande avslutning for dette vårsemesteret heller, men vi skal no uansett sørga for at alle dei danseglade ungane får ein kjekk vår her ute hos oss.

Alle kursa dette semesteret er nær fullteikna. (Foto: KOG)
Alle kursa dette semesteret er nær fullteikna. (Foto: KOG)

Ei dansande suksesshistorie midt i Julabygdo

Saman med Fagerlid denne tysdag kvelden er frivillige, og styremedlem Lisbeth Haugland, Camilla Haugland og Helene Skjelbreid Parker.

Dei fire damene køyrer eit imponerande opplegg med munnbind, handsprit og kontroll av ungar som skal inn eller ut frå dansesalen.

– Her skal alle ha det godt, og alle skal sjåast, seier Fagerlid.

– Om det har gløymt drikkeflaske, ikkje finn hårstrikken sin, eller kanskje er litt nervøse første gongen, er jobben vår å sjå til at dei trivst på kursa våre. Vel så viktig er det at levering og henting på plassen utanfor går føre seg på ein trygg måte.

– Men kva er det som gjer at de i snitt har 100-120 ungar på kurs kvar veke, og dette har de halde på med i ni år no? Og kor kjem alle desse ungane frå?

– Først av alt så har vi gode instruktørar, og så trur eg at vi rett og slett har opparbeidd oss eit godt rykte. Foreldre snakkar jo saman, men viktigast av alt så snakkar ungar saman. Ofte ser vi at deltakarar etterkvart tek med seg ei venninne eller ein kompis etter å ha vore her ein gong eller to.

– Når det gjeld kor alle desse ungane kjem frå, så trur eg det ikkje er ein krins i Os som ikkje er representert her, og slik har det i stor grad vore i ei årrekkje. Det er jo andre dansekurs i kommunen. Fleire har god respons, og vi gler oss over at det samtidig er grunnlag for så høg aktivitet i ungdomshuset her på Haugland.

Frivillige damer og styremedlem som held det heile saman. F.v. Nina Fagerlid, Helene Skjelbreid Parker, Camilla Haugland og Lisbeth Haugland. (Foto: KOG)
Frivillige damer og styremedlem som held det heile saman. F.v. Nina Fagerlid, Helene Skjelbreid Parker, Camilla Haugland og Lisbeth Haugland. (Foto: KOG)

Gjer det for gleda og fellesskapet

18 år gamle Steffen Andreasson er ikkje berre russ denne våren - han er òg kurshaldar for dei minste som deltek på «Bevegelse til musikk».

– Eg er jo glad i å dansa sjølv, men dette gjer eg mest for moro skuld. Det er jo kjekt å vera med å tilretteleggja for at dei minste skal få eit godt dansetilbod.

Storebror, Daniel Andreasson, er grunna ei karantene ikkje tilstades denne kvelden, men vikar er på plass i form av Narkesha Alfanta.

På telefon fortel Daniel at han gler seg over den suksessen ungdomslaget opplever med dansekursa.

– Det er eigentleg heilt sjukt at at vi på ni år har hatt så mange born og unge innom på dansekursa våre. Eg trur det på mange måtar handlar om den gleda og fellesskapet vi klarar å skapa her ute i ungdomshuset.

– Dansekursa våre handlar om mykje meir enn berre det å dansa - her skal det vera fellesskap, og eg har som mål at vi skal alle vi som er saman på kurs skal bli vener.

Daniel fortel at det er fleire deltakarar som har følgt alle kursa opp gjennom alderstrinna sidan ungdomslaget starta med dansekurs.

Steffen Andreasson (18) leiar kursa «Bevegelse til musikk». (Foto: KOG)
Steffen Andreasson (18) leiar kursa «Bevegelse til musikk». (Foto: KOG)

Alle kan dansa

Daniel skulle, saman med vetlebror Steffen og vikar Narkesha Alfanta, i disse dagar eigentleg ha vore på turne med danseframsyninga «Se meg». Dette saman med den kjende dansegruppa The Juice Crew.

Tidleg i januar øvde dansegruppa på Haugland, før det skulle vera premiere i Fana kulturhus. Etter framsyningane i Os og i Fana skulle Daniel og crewet mellom anna vidare til Oslo . Som med mykje anna om dagen blei dette avlyst.

– Det er sjølvsagt surt at vi ikkje fekk gjennomført det vi hadde øvd så mykje på, men no har eg, i tillegg til studier på Handelshøgskulen BI, heldigvis kursa eg held her i Os.

– Du har jo nådd ganske langt som dansar - får du nokre frå kursa dine til å ta det like langt som deg?

– Eg tenkjer at alle kan dansa så lenge dei gjer så godt dei kan. Det er eit viktig fokus eg har på kursa mine.

– Om eg ser at det nokon som kanskje ikkje heilt meistrar det vi jobbar med, så tilrettelegg eg heller litt rundt denne kursdeltakaren. Meistring er ikkje alt, vi skal mest av alt ha det gøy på dansekursa på Haugland.

Daniel Andreasson gler seg over den årelange suksessen med dansekurs i ungdomshuset på Haugland. (Privat foto)
Daniel Andreasson gler seg over den årelange suksessen med dansekurs i ungdomshuset på Haugland. (Privat foto)

– Eg kjem tilbake neste gong

Ei av dei som er på kurs for første gong er 12 år gamle Vilde Eide Høviskeland.

Vilde fortel at ho tidlegare har gått på cheerleading i Os, men no er det altså i hip-hopdans som gjeld.

– Det er faktisk mormor som først spurde om eg ikkje ville gå på dansekurs her på Haugland. Eg er jo veldig glad i musikk, så dette har eg gledd meg til.

– Det er jo litt dumt at mormor ikkje fekk lov til å vera med inn på treninga i kveld, grunna koronareglane, så no er eg litt nervøs.

Med øvinga over, og utan mormor til stades, fortel Vilde om ei kjekk økt.

– Det var litt skummelt, det var det, men eg kjem tilbake neste veke.

12 år gamle Vilde Eide Høviskeland var denne veka på hip-hop-dansekurs for første gong. (Foto: KOG)
12 år gamle Vilde Eide Høviskeland var denne veka på hip-hop-dansekurs for første gong. (Foto: KOG)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.