Lokal | 20. jan. 2019

Har røyking blitt «in» igjen?

Mengda røykarar i Noreg aukar for første gong sidan 2004. I Os ventar helsevesenet spent på resultat av komande undersøking.

Har røyking blitt «in» igjen?
Snus gjekk forbi røyking i 2017. I 2018 sto dei likt igjen. (Ill.: SSB.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. jan. 2019 15:10

Før helga presenterte Statistisk Sentralbyrå (SSB) tal om røyking og snusbruk i alderen 16–74 år i 2018.

Mengda røykarar var på veg ned også før ny røykelov tredde i kraft 1. juni 2004, men så har tala stupt. Til i fjor.

For første gong på 15 år er det ei auke. Rett nok berre frå 11 til 12 prosent, men den lange, positive trenden med færre røykarar kan vera over. Eller snudd.

Tal i prosent for heile Noreg (skilje mellom menn-kvinner i parantes)
Røyker dagleg 12 (12-11)
Snuser dagleg 12 (18-7)
Drikk alkohol kvar veke 35 (41-29)
Drikk minst 6 einingar alkohol ved same høve: 5 (7-2)
Har brukt cannabis siste 12 månadar: 5 (7-4)
Kjelde: SSB.no

Halvering og dobling

Den siste tiårsperioden er delen av folket som røyker nesten halvert, frå 21 til 12 prosent. På same tid er mengda snusarar dobla, frå 6 til 12 prosent.

I 2017 var det for første gong fleire snusarar (12 %) enn røykarar (11 %) i Noreg.

I 2018 har mengda snusarar halde seg stabil, mens røykarane for første gong på lenge har auka.

Fylkesvise forskjellar

Tala over gjeld for heile landet, men det er store fylkesvise forskjellar.

Finnark hadde flest røykarar, men har redusert kraftig. No har dei flest snusarar med 16 prosent, mens Aust-Agder har færrast med 7 prosent.

Østfold hadde flest røykarar i 2018, med 16 prosent av innbyggarane. I Oslo er det færrast med 8 prosent.

I Hordaland er det 10 prosent som røyker og 12 prosent som bruker snus.

Ei auke blant 25-34-åringane

Deler vi statistikken inn etter alder ligg gruppa frå 16 til 24 år stabilt på 3 prosent både i 2017 og 2018, mens det i aldersgruppa 25 til 34 er ei auke frå 9 til 10 prosent.

• Les òg: Dei eldre drikk oftast, dei yngre drikk mest

35-44 år går ned frå 12 til 11, mens 45-54-åringane aukar frå 14 til 16 prosent.

Eit botnnivå eller ein endra trend?

At mengda røykarar har auka frå 11 til 12 prosent kan vera eit teikn på at den tidlegare positive trenden no har nådd botnnivået sitt.

Men det kan òg vera eit teikn på ein ny trend. Har det blitt kult å røyka igjen?

– Vi har så få røykarar at det er vanskeleg for oss å seia noko om trend, seier helsesjukepleiar Annika Nordland Andersland.

Helsesøstrene har nett fått nytt namn. Andersland er helsesjukepleiar ved Os ungdomsskule i tillegg til ein dag i veka ved Os Gymnas.

Også ved Os vidaregåande skule er helsesjukepleiar utan inntrykk av noko auke eller endra trend.

– Det er røykeforbod på skulen og heile skuleområdet, så vi ser heldigvis lite til dette, seier Janniche Rogde.

– Men Ungdata skal snart ha ny undersøking i Os. Den vil kunna koma med svar. Sist dei henta inn data var i 2015.

ungdata.no kan du sjå dei førre tala for ungdomsskulelevane i Os.

Dei viser blant anna at:
• 92 prosent har venar
• 87 prosent er nøgde med foreldra sine
• 85 prosent trener
• 12 prosent har psykiske helseplager
• 8 prosent blir mobba
• 3 prosent røyker

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.