Handballdamene til Os | 06. juli 2022

Har signert ny spelar og ny assistenttrenar

Dessutan har ein storskårar stadfesta at ho er med også neste sesong.

Har signert ny spelar og ny assistenttrenar
Emma Yael Husebye og Runar Walaker. (Foto: Os Handball/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juli 2022 15:17

Etter endt sesong i vår blei det kjent at Trond Budal gir seg som trenar for damelaget, for damene sin del, og blir med som Ole Jørgen Olsen sin assistent på jenter 15-laget.

I midten av mai var Emil Andreas Fjær engasjert som ny hovudtrenar.

Les ògHandball-damene til Os har fått ny trenar

No opplyser Os Handball at også ny assistenttrenar og ein ny spelar er klar for 2022-2023-sesongen.

Runar Walaker blir Fjær sin assistent. Han er frå Stryn, og jobbar som lærar i Bergen.

Emma Yael Husebye blir ny spelar i Os sin dametropp. Ho har fartstid i Bønes, og har flytta med familien til Os.

Toppskårar klar for ny sesong

Os Handball kan også fortelja at Amanda Kristin Holthe er klar for 2022-2023-sesongen.

Før førre sesong var det usikkert om ho fekk tid å vera med, og var ikkje del av dei 15 då vi presenterte stallen før sesongstart (med 13 av 15 som debutantar).

No ligg ho an til å få med seg både oppkøyring og spel.

Amanda står loggført med 80 mål (71 spelemål + 9 frå 7 meter) på 13 kampar i fjor, og blei toppskårar framfor Ayleen Akyüz Hagen, som skåra 70 på 14 kampar.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.