Lokal | 06. feb. 2013

Har søkt for 3,6 millionar

Tysdag 19. februar skal formannskapet dela ut første bolken med KUP-midlar. 500.000 kroner skal delast ut, medan det til saman er søkt om 3,6 millionar kroner.

Har søkt for 3,6 millionar
Kultursjef Lisbeth Axelsen gler seg over det store og breie engasjementet søknadsbunken representerar. Her under opninga under WT Litteraturfestival (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 06. feb. 2013 11:57

I budsjettmøtet 18. desember bestemte kommunestyret atdet årleg skal setjast av éin million til eit kulturelt utviklingsprogram for Os (KUP Os). Pengane skal hentast frå formannskapet sitt disposisjonsfond og delast ut ein gong på våren/vinteren og ein gong på hausten med 500 000 kroner ved kvar utdeling.

Søknadsfristen til utdelinga i vinter var 31. januar.

- Eg sit nett no og går gjennom søknadane og førebur saka til formannskapet.

- Det har kome inn søknadar til over 40 prosjekt, med ei total søknadsramme på om lag 3,6 millionar kroner, fortel Lisbeth Axelsen, kultursjef i Os kommune.

For første gongen

Det er første gongen kommunen delar ut KUP-midlar. Tidlegare gav formannskapet ei meir tilfeldig støtte basert på søknader som ramla inn i løpet av året.

- Eg er ikkje overraska over at det har kome så mange søknadar. Vi har jo visst at behovet for støtte har vore der, mellom anna frå lag som har vendt seg til kultureininga tidlegare år.

Axelsen meiner folk har gripe sjansen og kome med mange gode ønskjer.

- Det har nok vore ein del tiltak og arrangement som har lagt i startgropa, men som ein ikkje har starta fordi laga og organsasjonane ikkje har hatt tilgang på startkapitalen.

- Viser engasjement og aktivitet

Søknadene strekk seg frå 10.000 opptil 487.000 kroner og omfattar alt frå einskilde lag og kursaktivitetar til festivalar og større arrangement.

- Søknadene viser at det skjer mykje i Osbygda og at det er eit stort engasjement for å skapa aktivitet.

- Dette er utruleg flott. Det er aktivitetar både for barn og unge, vaksne og heile bygda, fortel kultursjefen.

Reise, arrangement og utstyr

Søknadene omfattar alt frå reise for einskilte lag og organisasjonar, kulturminner, festivalar, oppsetjing av framsyningar og utstyr.

- Ikkje minst er det mange som søkjer om støtte til utstyr for allereie pågåande aktivitetar.

Formannskapet skal i denne omgangen fordela 500.000 kroner, om dei ikkje finn nokre ekstra midler å spe på med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.