Har sprengd nær 250 meter mot Bergen
E39 Svegatjørn-Rådal • To løp på omlag 244 meter er sprengd frå Svegatjørn mot Endelausemarka i vår. Sjå framdrifta for Skogafjell- og Lyshorntunellane her.
Bildeserie:
23. februar gjekk dei første salvane som til slutt skal bli Skogafjelltunellen frå Svegatjørn til Endelausmarka av. Sjå video av den første salven her.
No, vel fire månader seinare har entreprenørane jobba seg 244 meter inn i kvart av dei to løpa som skal utgjera tunellen. Totalt er det sprengd 487 meter av tilsaman 2890 meter tunell, tilsvarande 16,9%.
Har sprengd 2,6 km tilsaman
I ei statusoppdatering for prosjektet fortel vegvesenet at dei ved utgangen av juni til saman har sprengd 2,6 km tunell sidan den første salva i prosjektet blei skote 14. januar.
– Dermed er kring åtte prosent av total tunnellengde på 30,9 km unnagjort så langt i første året med tunneldriving på prosjektet. Før mannskapa tek sommarferie er dei godt i gang med sprenging i tilsaman 10 ulike tunnelløp, skriv Statens Vegvesen i oppdateringa.
1,4 km under Lyshornet
Lengst har dei kome i Lyshorntunellen kor dei tilsaman har sprengd 1439 meter tunell frå tverrslaget på Hamre.
Sjølv om det er lengst antal meter, er det òg kortast i prosent. Entreprenørane har no kome 7,8% på vei i tunellen, som når den står ferdig skal bli på tilsaman 18 370 meter fordelt på to løp. Sjølve tunellen blir på 9,2 kilometer og er den lengste på nye E39 mellom Os og Bergen. Lyshorntunellen blir no bygd med tre ulike boreriggar samstundes. Massane blir frakta ut via ein 250 meter lang tilkomstunell til Hamre i Fana og blir deponert på det godkjende steindeponiet i Hordnesskogen.
Sikrar mot vatn
For kvar sprenging blir det borra mellom 100 og 200 hol. I tillegg tek ein såkalla sonderboring for å analysera fjellkvaliteten.
– I enkelte parti av tunnelen er det strenge krav til å unngå innsig av vatn. Her blir det nytta betong for å halde kvaliteten, forklarar Vegvesenet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.