Sport | 06. des. 2018

Har starta dykke- og padlesenter i Øyane

Bjørnafjorden Opplevelser fekk mest då Fjordfond i går delte ut midlar for første gong.

Har starta dykke- og padlesenter i Øyane
F.v.: Anna Fjæreide Helland, Britt E. Fjæreide, Olav Hovland, Hugo Hansen og Veronica S. Halhjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. des. 2018 09:22

Bildeserie:

Rundt 50 deltakarar på Laus onsdag og utdeling av midlar. (Foto: KVB)
Rundt 50 deltakarar på Laus onsdag og utdeling av midlar. (Foto: KVB)
Olav Hovland frå Sparebanken Vest. (Foto: KVB)
Olav Hovland frå Sparebanken Vest. (Foto: KVB)
Alle som fekk midlar i første utdeling frå Fjordfond. (Foto: KVB)
Alle som fekk midlar i første utdeling frå Fjordfond. (Foto: KVB)
Bjørnafjorden Opplevelser har allereie gjennomført første padlekurs. (Foto: BjørnafjordenOpplevelser)
Bjørnafjorden Opplevelser har allereie gjennomført første padlekurs. (Foto: BjørnafjordenOpplevelser)
1 av 4
Rundt 50 deltakarar på Laus onsdag og utdeling av midlar. (Foto: KVB)
Olav Hovland frå Sparebanken Vest. (Foto: KVB)
Alle som fekk midlar i første utdeling frå Fjordfond. (Foto: KVB)
Bjørnafjorden Opplevelser har allereie gjennomført første padlekurs. (Foto: BjørnafjordenOpplevelser)

I september blei Fjordfond presentert som eit nytt fond for nye og etablerte næringsdrivande i bjørnafjordsregionen.

På Bjørnafjorden Næringsråd sin faste, månadlege myldrekveld «Laus onsdag» blei det for første gong delt ut midlar for fondet.

200.000 kroner skal delast ut i Os og Fusa. Første 140.000 kroner gjekk til 4 firma frå Os, i neste veke er det utdeling på den andre sida av fjorden.

Desse mottok midlar:

1. Bjørnafjorden Opplevelser: 50.000 kroner til kjøp av utstyr for satsing på padlekurs og organiserte kajakk- og dykketurar i skjergarden rundt Bjørnafjorden.

2. Os & Fusaposten: 30.000 kroner til ny satsing retta mot neste generasjon lesarar.

3. Er-An Veikro: 30.000 kroner til bygging av ny attraksjon ved restauranten på Røykenes.

4. Pensionfun: 30.000 kroner til utvikling av ein app med potensielt internasjonal marknad.

– Det betyr mykje for oss i Sparebanken Vest å bidra i lokalmiljøet. Banken deler av overskotet i fire kategoriar; kultur, utdanning, idrett og næringsliv, og det er ei glede å få væra med å styrka både nyskaping og omstillingstiltak i regionen, seier Olav Hovland frå Sparebanken Vest si bedriftsavdeling.

– Det ligg an til å bli ei god auke i summen på midlar i åra som kjem.

– Vil bruka fjorden for det den er verdt

Selskapet som fekk mest, har base på Røtinga og rettar seg mot både utanlandske og kortreiste turistar.

– Vi ønskjer å bruka fjorden for det den er verdt, frå fiske og dykking til kurs, utleige og fellesturar i kajakk, fortel Hugo Hansen.

Han er gift med Britt Elisabeth Fjæreide, som kjem frå Øyane, og då ekteparet bygde naust blei dette registrert som eit næringsbygg. Dei delte interessa for både dykking og padling frå før, og har også neste generasjon, Anne Fjæreide Helland og sambuaren Christian Evje Olsen, med seg.

– Alle er i jobb, men med ulik turnus har vi saman tid til å få firmaet opp og gå utan å ta for høg risiko i starten.

Britt Elisabeth har jobba mange år på dykkesenteret Nemo i Bergen, Hugo jobbar i Bergen brannvesen, og er utdanna både arbeidsdykkar og redningsdykkar. No er dei òg sertifiserte som kajakkinstruktørar.

– I september gjennomførte vi vårt første padlekurs, no kan vi kjøpa inn endå meir utstyr.

Gode presentasjonar av fire firma

Før Fjordfondet blei delt ut var det myldring og servering av store mengder delikatesser, laga avHenrik Bokerud frå firmaet Ocean Snacks. Selskapet satsar på produksjon av laksechips, chips av lakseskinn.

Så fekk fire firma presentera seg - og bli intervjua av prosjektleiar i Bjørnafjorden Næringsråd, Fredrik Schmidt Fotland.

Dei fire som presenterte seg var Borg Vêr (Jeanett Borgen Kallekleiv), Duga (Marielle Aanes), FONN ByggemAppen (brørne Jan Tore og Ingvald Grindheim) og Fesenso (Kenneth Joseph).

Her blei det både humor og lærdom på fleire nivå. Vi kjem tilbake til deira presentasjon i ei eiga sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.