Politi | 21. mai 2026

Har starta søk i Eikelandsosen etter ung mann

Helikopter er på veg for å bistå.

Har starta søk i Eikelandsosen etter ung mann
Hundepatrulje frå politiet er på plass. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mai 2026 08:37 - Sist oppdatert 21. mai 2026

Politiet informerer torsdag morgon at dei driv søk i Eikelandsosen etter ein 20 år gamal mann.

– Han har vore vekke frå heime sidan 03-tida i natt, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik via NTB presseklient.

Politiet er på plass med hund.

Også mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder bidrar.

– Redningshelikopteret frå Sola er på veg.

Den unge mannen blir skildra som ca 170 høg, iført svart turbukse, blå strikkegenser og store støvlar.

– Ved observasjon ring 02800, eventuelt 112 ved akutt fare for liv og helse.

Oppdatering kl. 17.23

Det pågår framleis eit omfattande søk i området Hålandsdalen og Holdhus.

– Politiet har bistand frå eit stort tal frivillige, samt redningshelikopter, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt.

Han oppfordrar dei som bur i området til å undersøke stader som uthus, garasjar og låvar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Har starta søk i Eikelandsosen etter ung mann