Lokal | 27. okt. 2015

Har teikna draume-rådmannen

Kven blir Knut Terje Rekve sin etterfølgjar? No er "krav-spesifikasjonen" klar. – Stillinga blir lyst ut til helga, fortel ordføraren.

Har teikna draume-rådmannen
Ordførar Terje Søviknes (Frp) speidar etter kandidatar til rådmannstillinga (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 27. okt. 2015 13:09

Etter at rådmann Knut Terje Rekve i slutten av september gav kommunestyret beskjed om at han gir seg til nyttår har kommunen jobba på høggir for å finna etterfølgjaren.

– Vi har gjennomført ei avgrensa anbodsrunde for å finna eit rekrutteringsfirma som kan hjelpa oss med jobben.

– Valet fall på HeadVisor med Rune Bruket. Det er same selskap som i si tid hjalp oss med å finna Knut Terje og som òg har vore konsulentar for oss i tilsettinga av direktøren på Oseana og Lyseparken, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).

Korleis ser han/ho ut?

Førre veke brukte Bruket til å utarbeida ein profil, eller kravspesifikasjon om du vil, til kva eigenskapar den nye rådmannen må ha.

– Han har hatt samtalar med oss i tilsettingsutvalet, rådmannen si leiergruppe, alle hovudtillitsvalde og gruppeleiarane i kommunestyret. Eg trur den profilen han no legg siste hand på verket vil vera eit godt grunnlag for å søka i marknaden, seier Søviknes.

– Kan du seie noko om kva de i hovudtrekk ser etter?

– Eg trur eg skal vera forsiktig med å gå inn på det, noko av det vil sjølsagt bli skissert i stillingsutlysinga som kjem til helga.

– Men det er klart at gode ledereigenskaper og erfaring frå å leie større selskap er eit krav. Det vil òg vera ein fordel om ein har erfaring, kunnskap eller forståing for kommunal sektor. Det er òg viktig at vedkommande kan vidareføra det gode samarbeidsklimaet som vi etterkvart har jobba oss fram til mellom politisk nivå, administrasjon og dei tillitsvalde. Gode mellommennesklege relasjonar er nok ein viktig eigenskap.

Lyser ut og søker aktivt

Prosessen vidare vil at stillinga blir utlyst i aktuelle medier til helga.

– I tillegg vil Bruket og eit par researcherar han har med seg gjera ein aktiv jobb med å leite opp folk som passar den profilen vi har utarbeidd. Det blir altså eit parallelt løp i vekene som kjem, forklarar Søviknes.

Vore interesse

Etter at Rekve sa seg opp har interessa om stillinga vore god.

– Det har vore nokre henvendelsar allereie, noko som er eit godt signal.

– Både vi og HeadVisor trur at det er ei attraktiv rådmannstilling vi lyser ut basert på at Os er i ei spennande utvikling med folkevekst, oppbygging av sosial infrastruktur, Lyseparken og E-39. Også for ein rådmann er nok dette spennande oppgåver å vera med på. Samenlikna med eindel andre kommunar er vi nok heldig stilt i så måte.

Håper å vera klar til jul

Søviknes fortel at tidsplanen ein har lagt opp til er å kunne presentera innstillinga for kommunestyret på møtet 15. desember.

– Vi jobbar etter den tidsplanen, men det kan sjølvsagt skje ting undervegs som gjer at den ikkje held. Det kan vera at vi ikkje rekk å gjennomføra både første og andre gangsintervju, mellomanna på grunn av den posisjonen aktuelle kandidatar er i.

– Sjølv om det er viktig for oss å få ei rask avklaring, så er kvaliteten i prosessen det viktigaste, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.