Bjørnafjorden kommune | 27. des. 2023

Har tilsett plan- og byggesakssjef

Hadde 17 søkjarar til nyoppretta stilling.

Har tilsett plan- og byggesakssjef
Idar Landro har vore sjef for byggesak i Bjørnafjorden kommune sidan juni 2021. Her i møte i PBM i 2022. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. des. 2023 08:44

Etter at plansjef Jannicke Sem Onarheim i mai i år sa seg opp, endra kommunen stillingsinstruksen og lyste ut etter ny leiar for plan og bygg.

I møte i plan-, bygg- og miljøutvalet i slutten av november kunne kommunalsjef for samfunnsutvikling, Runar Lunde, fortelja at han hadde hatt kandidatar inne til 2. gongsintervju, og at han håpa på tilsetjing før jul.

Fredag kunne kommunen opplysa om at Idar Landro har fått jobben.

– Det har vore ein omfattande prosess med mange sterke kandidatar. Eg er svært nøgd og stolt over at den beste kandidaten kom frå eigne rekker, trass konkurranse frå 17 andre søkarar, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling Runar Lunde ifølgje kommunen si heimeside.

Idar Landro har vore byggesaksjef i Bjørnafjorden kommune sidan juni 2021.

Han har tidlegare jobba som saksbehandlar i Bjørnafjorden kommune, og vore rådgivar i plan- og bygningsetaten i Bergen kommune. Landro har Master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen.

Planen er at han starta som plan- og byggesakssjef 1. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.