Hjorten hang fast i tau i Os hamn. (Lesarbilde, foto: Adrian Valle)

– Har truleg drukna i Oselvo

Fann død hjort i Os hamn.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag blei brannvesenet kontakta då ein død hjort låg inst i Os hamn.

– Hjorten hang i nokre tau ved Oselvarverkstaden. Den har truleg kome rekande ned Oselvo, seier ein av dei som varsla brannvesenet, Adrian Valle.

Hovudet var ikkje synleg, så han kunne ikkje seia om det var ein bukk eller ei kolle.

– Vi har fått nokre meldingar om denne, og skal ned og fjerna den, sa varabrannsjef Arne Monsen til Midtsiden i 14.30-tida.

Brannvesenet er ansvarleg for å ta hand om akutt forureining, og denne oppblåste dyreskrotten kunne ha ført til både dårleg lukt og eit aldri så lite «bjørnefjordenmåltid» for måsane, om den blei liggande.

Fleire saker