Fotball | 17. mars 2023

Har vore på prøvespel sidan januar - no er han signert

Med fersk erfaring frå 2. divisjon.

Isak Tobias Hamre Asheim. (Foto: Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. mars 2023 08:55

Lysekloster il opplyser at dei har signert Tobias Asheim (20) til årets tropp.

Isak Tobias Hamre Asheim spelte 10 kampar for Staal Jørpeland då dei i 2021 rykte opp til Post Nord-ligaen, og fekk 9 kampar i 2. divisjon i 2022.

I haust spelte han 10 kampar for Sola i Norsk Tipping-ligaen.

Han har kome til bergensområdet for å studera, og har vore på prøvespel for Lysekloster sidan januar.

I januar var han med då Lysekloster slo Loddefjord 2-0 i årets første treningskamp. Han spelte også då Lysekloster slo Sotra 2-1 i februar.

– Tobias trivst best på høgre back. Han er godt trent og har eit skikkeleg driv i spelet sitt, opplyser sportsleg leiing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.