Lokal | 28. mai 2015

Har vraka Bergen

Kommunesamanslåing: Os droppar Bergen som alternativ, og står igjen med to andre.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) fortalde at styringsgruppa i kommunen ville legga Bergens-alternativet til sides (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. mai 2015 07:42

Bildeserie:

Omlag 70 osingar, dei fleste lokalpolitikarar, stilte på folkemøtet (foto: AH)
1 av 1
Omlag 70 osingar, dei fleste lokalpolitikarar, stilte på folkemøtet (foto: AH)

Onsdag inviterte kommunen til folkemøte i Oseana for å fortelja kor dei står i prosessen med kommunereformen og tankar om kommunesamanslåing.

Eit val om vegen vidare skal politikarane gjera i formannskapet og kommunestyret no i juni, men allereie ser det klart ut at Bergen blir vraka og at det blir jobba vidare med å greia ut konsekvensane av at Os blir ståande åleine eller at Os slår seg saman med ein eller fleire av dei andre kommunane rundt Bjørnafjorden.

– No står vi ved eit vegskilje. Fram til no har vi vore i ei sonderingsfase, men no går vi inn i ei konkluderingsfase fram mot våren 2016 og endeleg vedtak om kva vi ønskjer, fortalde ordførar Terje Søviknes (Frp).

SWAT-analyse og spørreundersøking

Ei styringsgruppe av formannskapet, gruppeleiarane i Frp, KrF og Sp, administrasjonen si leiargruppe og tillitsvalde har det siste året jobba med tre ulike alternativ.

– Det er Os inn i Bergen, Os åleine og Os saman med ein eller fleire kommunar rundt Bjørnafjorden.

– Vi har laga ei såkalla SWAT-analyse, kor vi har sett på styrker og ulemper, moglegheiter og utfordringar i alle dei tre alternativa.

– Innanfor denne modellen har vi vurdert 8 ulike tematiske områder som til dømes oppvekst- og kultur, helse-, omsorg- og beredskap, areal- og næringsliv, styringsmodellar.

– Vi har òg ved hjelp av Sentio gjennomført ei spørreundersøking kor eit representantivt utval av osingane har blitt spurt.

– Den viste at 60 % er negative til ei samanslåing, medan 33 % er positive. Av dei som var positive var prioriteringa Fusa, Samnanger, Tysnes og Bergen, fortalde assisterande rådmann Paul Manger.

Lite realistisk

Basert på arbeidet til styringsgruppa og dialogmøter med dei andre kommunane har ein kome fram til at ein vil tilrå kommunestyret å gå vidare med to av alternativa.

– Bergensalternativet blir vurdert som lite realistisk, i alle fall om Os skulle gå inn der åleine.

– VI trur det er fleire stordriftsulemper enn det er fordelar, forklarte Søviknes.

Favoritten

Favoritten blant dei om lag 70 deltakarane på folkemøtet var utan tvil Os åleine.

– Det er nok favoritten for mange.

– Vi har det rimeleg bra, vi er store nok, vi er kompakt og oversiktleg og effektive på drift.

– Om vi, etter å ha utgreidd det vidare konkluderar med at vi vil stå aleine, så krev det ein god dokumentasjon og eit godt arbeid i forhold til departementet. Det er ikkje gitt at dei støttar oss, sa Søviknes.

Tysnes og Fusa

Eit kanskje like realistisk alternativ, i allefall om ein legg Stortinget sine føringar og omsynet til at små kommunar ikkje skal bli ståande aleine til grunn, er alternativet at Os slår seg saman med nokre av dei andre kommunane rundt Bjørnafjorden.

– Vi har vore i dialog med dei fire andre Bjørnafjorden-kommunane, Fusa, Tysnes, Samanger og Austevoll.

– Eg opplever vi er samkøyrde i høve at alle kommunestyrane skal få dette som eit av alternativa når dei handsamar saka no i juni.

– Skal ein tolke stemninga er det nok mest realistisk at Fusa og Tysnes kjem tilbake og vil snakka med oss. Samnanger og Austevoll er eg meir usikker på. Dei har signalisert at dei ser på andre alternativ.

Må gå i detaljar

Om det blir to, tre eller fleire av kommunane rundt Bjørnafjorden som skal snakka saman, så er det tid for å gå i detaljar, i følgje ordføraren.

– Vi må bruka det kommande året på sjå på detaljane i korleis ei ny kommune skal vera. Det gjeld alt frå felles IT-system og organisering av tenestene, til større strukturelle endringer.

– Ein ting synes likevel rimeleg klart, og det er at kommunesenteret blir Osøyro.

Kva med kyrkja?

I salen sat i hovudsak lokalpolitikarar som var nysgjerrige på status, men òg kyrkjas mann, Gerhard Hansen, hadde funne vegen.

– Kykjestrukturen i Os er oversiktleg og grei.

– Når det gjeld heile Bjørnafjordregionen er den kanskje meir krevande, men òg ei ressurs og noko ein kan byggja vidare på.

– Kyrkja skal vera ei folkekyrkje og kan vera ein viktig samlingsplass i lokalsamfunna.

– Eg saknar den delen av debatten, påpeika Hansen.

Mogleg med folkerøysting?

Terje Hatvik (V), ba ordføraren vurdera om ein i samband med kommunevalet i september kunne trykke opp ein ekstra stemmeseddel, kor innbyggjerane kunne få seia si meining.

– La folket få røyste i september, så vi vil ha eit enno betre grunnlag for å vurdera dette.

– Då vil vi i allefall sikra eit representativt utval, påpeika Hatvik.

Forslaget blei ikkje umiddelbart avvist frå kommuneleiinga, men samstundes var ein litt tveksam til om tida var den rette.

– Det er eit godt innspel å halde folkerøysting, men eg er redd det er litt for tidleg.

– 14. september er nok eit halvår for tidleg for at vi skal ha fått gitt innbyggjarane eit innblikk i konsekvensane av dei ulike alternativa, påpeika Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.