Kultur | 23. des. 2012

Hårete helsing

VIDEO: Har du problem med å koma i julestemning? Denne videoen kjem truleg ikkje til å hjelpa!

Hårete helsing
Even fekk tak i ei bleie og dermed blei han fødd i Betlehem. (Skjermskot)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 23. des. 2012 20:31

Om ikkje Grevinnen og hovmesteren gjorde susen i kveld kan du supplera med denne kjente julelåta, spelt inn på Søfteland i går.

VIDEO: Espen Iversen er på vokal, Jørgen Omre Larsen på piano og Øyvind Aarland på bass. Filmen går no sin tvilsame sigersrunde på YouTube og er til no sett 301 gongar.

Den får deg kanskje ikkje i julestemning, men den får deg kanskje i godt humør?

– Vi prøver berre å vera stygg og morosam. Ikkje stygg med andre, men stygg, ler Even "Jesus" Hjertaas.

Hjertaas er vokalist i Warfart og har saman med musikalske venar spelt inn juleviser med eigen twist, både i 2011 og i år.

– Vi vil berre visa at vi er kremidiotar, i tilfelle nokon lurte. Dette er dårlege idear sett ut i livet.

I fjor var det Deilig er Jorden og White Christmas.

– Men i år fekk eg tak i ei vaksen-bleie, så då passa det bra med Et barn ble født i Betlehem, meiner Hjertaas, som sjølv speler bornet i videoen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.