Hasj i sentrum, fest i Dalen
Politiet: Velta moped, sakna mann, fest i industriområde og samling av rusa ungdomar på Os terminal.
Etter ein periode med ryddige forhold på Os terminal ser det no ut som om det har byrja å samla seg ungdomar på busshaldeplassen i sentrum igjen.
– I går var det fleire som brukte terminalen til opphaldsplass og sat i venterommet og drakk, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
– På ein av dei fann vi litt hasj. Han blei tatt med inn til avhøyr. Os terminal er for reisande, det er ikkje ein opphaldsplass for ungdomsgjengar. Vi kjem til å følgja med på terminalen framover.
Kan bli meldt etter støy
Torsdag kveld fekk politiet melding om støy frå fest i eit industribygg i Hegglandsdalen.
– Dette har vore eit gjentakande problem og i går retta dei seg heller ikkje etter pålegg frå politiet.
– Dei fekk beskjed om å dempa seg, og det gjorde dei. Men så har dei skrudd opp igjen musikken og halde fram festen. No vurderer vi å melda dei.
Sakna mann blei funnen
Ein mann blei torsdag meldt sakna i Os.
Etter ei stund fekk familien opplyst at han var i god behald, på Stord.
Velta på moped
Onsdag fekk politiet melding om trafikkuhell i Borgavegen.
– Ein moped hadde velta og glidd under bakenden på ein bil. Bilførar informerte om uhellet og fortalte at mopedisten fekk litt vondt i ei skulder, men var elles i god form, fortel Sperrevik.