Her blir Hassan El Fakiri lansert som ny trenar for Os. Frå venstre: styremedlem Egil Hodneland, Hassan El Fakiri og sportssjef Lars Bakkerud. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Hassan El Fakiri til Os

Signerte treårsavtale: Hassan El Fakiri går frå jobben som spelande assistenttrenar for Brann til hovudtrenar på fulltid for Os. 

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Fotball har henta inn Tippeligaspelar og avtroppa assistenttrenar for A-laget til Brann, Hassan El Fakiri (37), til å overta som hovudtrenar for Os.

– El Fakiri er ikkje berre ein god spelar i starten på trenarkarriera si, han er ein person som deler vår filosofi om spelarutvikling og klubb-bygging, og ein type med veldig gode haldningar, seier sportssjef Lars Bakkerud.

Bakkerud kjenner El Fakiri frå før, blant anna frå tida han leia Brann 2. SK Brann sin videofotograf, tidlegare Os-spelar Ørjan Håland, har også vore påverkande faktor, då han kjenner Hassan godt etter seks år i jobb for Brann. Hassan er blant anna, for tredje år på rad, nominert til MOT-prisen. 

– Eg veit at El Fakriri hadde fleire interessante tilbod og er veldig glad for at han valte oss. I fulltidsstilling blir det ikkje berre A-laget som får glede av å ha Hassan i klubben, han skal vera med ute på felten i spelarutviklinga vår, og vil nok bli ei stor inspirasjonskjelde for både unge og vaksne.

Sponsorane spanderer

Hassan har signert treårsavtale og kjem inn i Os Fotball i fulltidsstilling. Signeringa kostar ikkje klubben noko.

– Styret starta med å bygga organisasjon for så å retta fokus på sportsleg utvikling, med engasjement av Bakkerud i fjor. No tar vi steget vidare, med auka satsing på A-laget, og dette har sponsorane omfamna, seier formann Knut Haddal.

Engasjementet av El Fakiri skjer utan at Os Fotball auka kostnadane med ei einaste krone.

– Då vi kom til sponsorane og viste kva veg vi ville gå, med tanke på nivå og kvalitet, så fekk vi dei med, seier Haddal, som er medeigar i to av dei aktuelle selskapa.

Sponsorane som spanderer ny trenar er Magnorvinduet (H-vinduet Magnor AS) , Fløysand Tak, Hodneland Innredning og Partas, der Magnorvinduet er største bidragsytar og tar halvparten av den samla kostnaden.

– Vi er veldig takksame for alle små og store støttespelarar, og sjølvsagt spesielt takksame for dei som no går inn med midlar og finansierer denne storsatsinga.

17 år med gull og sølv 

El Fakiri er fødd i Marokko og har vakse opp i Oslo. Han debuterte i Tippeligaen for moderklubben Lyn som 20-åring i 1997 og har seinare spelt for blant anna Monaco, som i 2004 spelte Champions Legaue-finalen mot Porto. Hassan spelte ikkje, men var med i troppen. 

I ligacupen i Franrike, derimot, blei det både speltid og siger, også det med Monaco. Seinare, før han kom tilbake til Brann, spelte han for tyske Borussia Mönchengladbach.

I 2007 var han med på å vinna serien med Brann.

Det var Hassan som slo innlegget då Azar Karadas i praksis heada «gullet hem» i siger over Lyn i ein av sesongens siste kampar.

I 2011 spelte El Fakiri alle dei 30 serierundane, og fleire av NM-kampane, i ein sesong der Brann tok sølv i cupen.

I 2002 var han på utlån frå Monaco til Rosenborg, som tok seriegull det året.

I årets serie har El Fakiri som spelande assistenttrenar vore på banen med både A-laget og Brann 2. Det blei 930 minutt med speltid i Tippeligaen på 37-åringen i 2014.

Les òg: El Fakiri sin spelarprofil på Brann.no

Eit godt år med Berge bak roret

Lars Bakkerud presiserer at Os Fotball er svært nøgd med jobbenårets trenarteam har gjort, med hovudtrenar Jørn Vegard Berge i spissen. 

– Det ikkje vore ønske om å skifta desse ut om det ikkje var for at vi no aukar engasjementet til fulltidsstilling og samtidig hevar ambisjonsnivået på vegne av A-laget og resten av klubben.

– Dette er også personar vi kunne tenkja oss å ha med vidare i klubben, i nye roller. Om ikkje med éin gong, så seinare. Vi får sjå kva som passar for oss begge, seier Bakkerud.

Berge sjølv vil takka leiinga i klubben, spelarane og resten av trenarteamet for eit godt og lærerik år.

– Det har vore godt humør og veldig god innsats gjennom heile året. Det er ei veldig fin gruppe og eg trur kombinasjonen mellom unge talent og meir erfarne spelarar er viktig for å skapa eit godt miljø.

– Eg synest også det har vore veldig kjekt og lærerikt å jobba saman med resten av trenarteamet, frå far min Leif, assistenttrenar Rune Fjellberg og keepertrenar Vidar Bahus til Ove Kanestrøm, til Ove Kanestrøm, Terje Kvittingen, Asbjørn Bergstø og Knut Grøteide. Dei er ei god gruppe der fleire av dei har stått på for A-laget i mange år.

– Om ikkje El Fakiri hadde kome på banen, og du hadde blitt spurd, ville du tatt ein sesong til?

– Sånne ting er vanskeleg å svara på før du eventuelt får eit tilbod. Eg har tre ungar som alle speler fotball, no blir det meir tid til å følgja opp dei igjen.

– For Os sin del gler eg meg no på vegne av spelarane, dette trur eg blir eit stort steg vidare for klubben, seier Jørn Vegard Berge.

 

Fleire saker