Hattrick av Christer
Os 2 vann den viktige hengekampen mot NHH 2 og søndagens serieavslutning mot Søre Neset blir avgjerande for begge lag.
Andrelaget til Os slo NHH 2 5-3 etter å ha leia 4-0 til pause i bortekampen i førre veke.
I kveld var Os 2, som har vunne alle kampane i haust og kjempar om comeback i 4. divisjon, mest effektive i 2. omgang.
– Det var godt spel og høgt tempo i heile kampen, vi burda ha leia meir til pause, seier Tim Henrik Sperrevik.
Os 2 - NHH 2: 5-1
Målskårarar, Os 2: Stian Håvik, Christer Olsen 3 og Ørjan Glesnes
Med sigeren er Os 2 på 2. plassen dei treng å ligga på for å rykka opp før siste kamp står igjen, lokaloppgjeret mot Søre Neset, som kjempar om å halda seg i divisjonen.
Søre Neset har samla sett hatt ein svak sesong, men dei slo Os 2 på Kuventræ 3-2 før ferien og var best mot eit av topplaga Trott i kampen som enda 2-2 etter at Trott utlikna 5 minutt på overtid.
Søre Neset - Os 2 blir spelt på Bjørnen søndag 21. oktober klokka 16.00.