Vegard Leikvoll Moberg går neste helg inn i sin tredje sesong for Bodø/Glimt. (Arkivbilde, foto: Kent Even Grundstad)

Hattrick av Leikvoll Moberg

Neste helg er det seriestart mot Rosenborg, i dag var han involvert i alle fire skåringane i generalprøven mot Tromsø.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vegard Leikvoll Moberg spelte i 2017 heile 30 kampar og skåra 9 mål i sin første sesong for Bodø/Glimt. Det blei opprykk til Eliteserien, der osingen i fjor spelte 24 kampar utan nettkjenning.

– Det var ein grei sesong med tanke på speletid, men eg er naturlegvis ikkje nøgd med null mål i Eliteserien.

– Det blei mange skot, men dessverre ingen mål. Eg sleit med anklane gjennom heile sesongen, og måtte stå over fire kampar, det er mogleg at det òg prega skota mine, fortviler Vegard.

Då Vegard kom til Bodø hadde han hatt fartstid som meir defensiv midtbanespelar, og midtstoppar, i Åsane og Sogndal. Sist han spelte like offensivt som no var då han i 2010 spelte for Os i 2. divisjon. No ser han ut til å vera i skåringsform igjen.

Sendte Bodø/Glimt i 4-0-leiing

I fjor kom Tromsø på 10. og Bodø/Glimt på 11. plass i Eliteserien. I dag møttest Nord-Noreg-rivalane til treningskamp.

Bodø/Glimt leia 4-0 før banen måtte brøytast. Til pause sto det 4-1, Bodø/Glimt vann til slutt 4-2.

Leikvoll Moberg sette inn 1-0, 2-0 og 4-0. På 3-0-skåringa hadde han assist.

8 mål på 9 kampar

– Det er kjekt å skåra mål igjen, og det er ikkje dei einaste måla eg har skåra i oppkøyringa, fortel Vegard.

Til saman har det blitt 8 mål på 9 kampar.

– Eg er tydelegvis òg kvitt problema eg hadde med anklane.

Førre helg kom dei heim frå treningsleir i Marbella, der Bodø/Glimt slo Start 1-0 og Brann 2-0.

På utgåande kontrakt

Vegard er på tredje og siste år av kontrakten i Bodø. Han har så vidt vore i dialog med klubben om ny periode.

– Kva som skjer i åra som kjem tenkjer eg ikkje så mykje på i desse dagar, eg er mest opptatt av å prestera frå kamp til kamp.

– No gler eg meg til å ta imot Rosenborg, seier Vegard om seriestarten søndag.

Fleire saker