– Hatvikvegen må koma først

Kravet til politikarane var klart frå naboane på Bø, Moldegård og Bjånes då PBU var på synfaring.

Politikarane i PBU fekk klare krav for naboane til Bjånesutbygginga om at gang-og sykkelveg langs Hatvikvegen må på plass først (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 08. sep. 2015 11:48

Torsdag i førre veke handsama Plan- og bygningsutvalet (PBU) dei tre sakane «Godkjenning - Områderegulering Moldegård, Bjånes», Godkjenning - Detaljregulering for Grovskaråsen, del av kommunedelplan for Bjåneshalvøya og «Godkjenning - Detaljregulering for Moldegård, delfelt B7 og T1, del av kommunedelplan for Bjåneshalvøya».

For å få eit best mogleg grunnlag for handsaminga var utvalet på synfaring kor dei møtte naboar og utbyggar på staden.

– Vi er opptekne av borna som bur på begge sider av Hatvikvegen. For dei som bur på oversida av vegen må det lagast løysningar som gjer det trygt å komma over. Gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen er det viktigaste, påpeika Terje Eltvik til politikarane.

– Eg er òg uroa for krysset på Klyva med den enorme trafikken som er på Hatvikvegen. De bør ikkje gje dispensasjon før det er ein plan på vegen, kommenterte Reidar Døskeland.

Ligg 35 millionar inne

Tom Arne Olsen, dagleg leiar i Bjånes Fjordboligar fortalde at det i utbyggingsavtalen som er inngått mellom selskapet og kommunen ligg at utbyggar skal bidra med 20 millionar kroner til gang- og sykkelvegen og gje eit lån på 15 millionar kroner til sjølve vegprosjektet.

– Det er det maksimale vi har lov til å bidra med.

– Når blir dei pengane satt på kommunen sin konto og når kan dei brukast på vegen, undra Døskeland.

– I avtalen ligg det at når vi søker om å få setta spaden i jorda for den første utbygginga, så skal kommunen ha pengane, svara Olsen.

– Då må kommunen ha ein plan for kva pengane skal brukast til, kommenterte Døskeland henvendt til politikarane, noko som fekk Gustav Bahus (Frp) til å lansera ideen om ein gangveg under Hatvikvegen ved brua på Bø. Ein idé grunneigarane i ettertid har kommentert som ikkje særleg realistisk.

– Då går det i dass

Terje Sperrevik (TvS) skjønte ikkje heilt kor Bahus ville med forslaget.

– Eg skjønner ikkje heilt Gustaven. Vi må bygga ut Hatvikvegen først. Kva blir konsekvensane for prosjektet om de må venta på det, spurte Sperrevik og henvendte seg til Olsen.

– Då går det i dass. Om vi ikkje får bygga ut dei 200 bustadene vi har fått dispensasjon på, så blir det ikkje utbygging. Det er fakta. Då blir det ikkje Bjånes Fjordboliger som bygger ut. Vi har ikkje råd til å venta på ein veg som ikkje har ein tidsfrist på når det skal skje, svara Olsen som skisserte at dei ville bruka eit år på å bygga veg og infrastrukturen frå Klyva og ut til Gråskaråsen.

– Først då kan vi byrja på bustadene i Gråskaråsen, forklarte Olsen.

Tilbake i møterommet helt diskusjonen fram om rekkjefølgekrava, gang- og sykkelvegen langs Hatvikvegen og den mellombelse løysinga gjennom Midtbøvegen før dei tre planene blei godkjent med 5 (Frp/H) mot 4 (Ap/Sp/TvS) røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.