I sol og lite vind sto Jan Erik Haug på toppen av Lobuche East, i same «nabolag» som Mount Everest. (Foto: Privat/jarletraa.no)

Haug nådde nye høgder

I fjor var han på det høgaste fjellet i Russland, denne våren tok Jan Erik Haug seg til 6.119 moh i Himalaya.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Jan Erik Haug, som i fjor sommar var på den høgaste av dei tre toppane på Elbrus (5.642 moh) med broren Sondre, kom i mai heim til Os etter å ha opplevd Everest basecamp og stått på toppen av Lobuche East (6.119 moh) i Nepal.

– Eg har alltid vore fascinert av Nepal og Himalaya, både dei blide folka og den spennande landskapen. Heilt sidan turen til Europas høgaste fjell i fjor var målet å nå høgare på neste tur, og då var dette ein naturleg retning å reisa, seier Jan Erik.

Allereie på heimreisa frå Elbrus byrja Jan Erik saman med andre frå reisefølgjet å planlegga ny tur. Dei sikta seg inn på turen som Jarle Traa skulle ha i påsken 2019.

– Det endte med at vi var sju frå Elbrus-turen, inkludert Traa sin dyktige guide, Haavard Gjerdset, som reiste. Vi fann ut at om vi skulle få oppleva denne turen, og samtidig ha kjentfolk å reisa med, så måtte vi slå til med éin gong.

Det blei «Elbrus-gjengen» saman med tre andre, i alt ni frå bergensområdet og ei dame frå Geilo.

Grunnen til at jeg er fascinert av Nepal er folkene, som virker så blide og lykkelige og Himalaya, som er så svært og omkranset av mange flotte spise topper. Dette inntrykket som jeg hadde før jeg reiste har blitt forsterket på hjemreisen. Sherpaene og hjelperene som vi har hatt med oss på turen er alltid smilende og høflige mot oss nordmenn. (og turister generelt).

Kaldt - men tørt og vakkert

Avreise var 12. april, retur var 3. mai.

Mens Noreg bada i sol og plussgradar gjennom påsken, måtte Jan Erik og resten av følgjet frå Noreg sova medull og lue for ikkje å bli sjuke.

– Det var framleis tidleg vår og lodgane som vi overnatta i er uisolerte og trekkfulle. Fleire blei litt småsjuke, men ikkje sånn at det øydela turen.

– Men vi var veldig heldige med vêret, med 10-gradar på dagtid og inga nedbør.

Inntrykker av folket i Nepal som venlege og muntre blei forsterka.

– Sherpaene og hjelparane vi hadde med oss var alltid like smilande og høflege med oss turistar. Saman med fantastisk vakker landskap, og eit stadig meir samanspleisa reisefølgje, blei det ei flott oppleving.

Verdas farlegaste 

Første stopp var eit av dei kanskje mest risikable delane av turen; landing på flyplassen Lukla.

– Lukla er kåra til verdas farlegaste flyplass. To dagar før vi landa hadde tre personar omkome då eit fly som skulle letta køyrde inn i eit ventande helikopter, fortel Jan Erik.

Flyet og helikopteret sto framleis langs rullebanen då reisefølgjet frå Noreg landa.

Til topps i tau

I slutten av april, laurdag 27., var det tid for sjølve toppstøtet.

– Halve toppstøtet, som vi brukte 5,5 timar på, gjekk vi i klatretau. Vi gjekk med stegjern og brukte tauklemme, ned igjen måtte vi rapellera. Dette øvde vi på to dagar tidlegare.

Haug og resten av reisefølgjet var ekstra heldige med vêret då dei verkeleg skulle i høgda. Jan Erik måtte kasta boblejakka tidleg.

– Det var faktisk varmt og behageleg å sitja på den 6.119 meter høge toppen!

• På jarletraa.no kan du lesa dagbok og sjå fleire bilde frå turen.

Fleire saker