Haugland i Galleri Oz
Myrna Braza står for den musikalske stemninga når Galleri Oz i morgon har vernissasje.

I morgon opnar Bente Haugland salsutstilling i Galleri Oz. Fram til 18. juni kan du sjå Haugland sine bileter i tekstil i galleriet.
Som tonefølge til opning har Haugland fått med seg Myrna Braza.
Bente Haugland er busett i Osbygda og er til dagleg å finna i ateliet i den gamle stasjonsbygningen i sentrum.
Jobbar med tekstil
Haugland jobbar med tekstil som si uttrykksform. Om du sammanlignar henner arbeid med ein malar kan ei seie at stoffa er hennar "palett" og saumen henner strek. Gjennom detaljar i arbeidet skapast kunstverk og spennande uttrykk.
Bileta har stor variasjon i stoff- og fargeval. Dei særegne uttrykka kjem ved å kombinera papir, stoff og saum. Ofte endar det i harmoniske figurative komposisjonar inspirert frå musikk, tekster og møte med menneskje.
Utstillinga opnar kl 18.00