Lokal | 05. mars 2014

Hauk vs skjor

Det blei action i eit blomsterbed i Lysefjorden i dag.

Hauk vs skjor
Bilde frå dagens kamp i blomsterbedet til Grethe Johannessen. (Lesarbilde, foto:&nbsp;<span style="line-height: 1.538em;">Grethe Johannessen)</span>
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. mars 2014 21:34

Onsdag blei Grethe Johannessen vitne til eit uvanleg syn.

– Denne fangsten blei nok for stor for rovfuglen, men han heldt godt tak i skjora, det skal han ha, fortel Grethe.

Ho reknar med at det var ein fugl av arten spurvehauk som i dag stupte ned i hagen hennar og slo klørne i ei skjor.

Blanda seg inn i kampen

Kampen gjekk bokstaveleg talt så fjøra fauk i blomsterbedet til Grethe, før ho sjølv blanda seg inn.

– Eg skilte dei med ein kjepp, fortel den uredde dama.

Men først våga ho seg nær nok til å ta bilde av kamphanane.

– Hauken fauk av garde og skjora kollapsa. Men så kom også ho seg på vengene og flaksa opp i eit tre.

Les òg: Har fått dilla på ørn

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.