Næringsliv | 21. okt. 2009

Hausta av vekståra

Acta-sjefen Bjørn Michelsen dobla millioninntekta si i kriseåret 2008. Det har yngstemannen på inntektstoppen i Os ei naturleg forklaring på.

Hausta av vekståra
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. okt. 2009 12:48

Rådgjevingsselskapet Acta opplevde vanskelege tider etter at grunnleggjaren Fred Ingrebrigtsen hamna i søkelyset i fjor sommar. I tillegg blei dei som fleire andre næringer ramma av finanskrisa som råka hardt frå hausten av.

Likevel hadde osingen Bjørn André Michelsen (36), som er dagleg leiar i Acta Bergen, ei inntekt på over 4 millionar kroner i 2008.

Oppspart bonus
Michelsen er yngstemann på topp 10-lista i Os kommune, og fortel at ei bonusordning er årsaka til den ekstra høge inntjeninga i 2008.

- I 2004 blei det oppretta eit inntjeningsprogram, K2-programmet, for ei gruppe nøkkelpersonar i Acta. At verdsøkonomien skulle bli så fantastisk som den blei dei neste fire åra visste vi ikkje då, men i 2008, like før finanskrisa, var det tid for utbetaling, seier Bjørn Michelsen til Midtsiden.no.

- Inntektsauka var altså som følgje av bonus, ikkje løn, presiserer Michelsen, som i 2007 måtte nøya seg med drøye 2 millionar kroner i løn.

1,8 i skatt
Han ligg på 8. plass på den lokale inntektstoppen, og berre tre osingar betalte meir inn til fellesskapet enn Michelsen i 2008.

1,8 millionar i skatt er kanskje nok til nokre kvadratmeter solcellepanel på taket til Oseana, som er under bygging.

- Fire gode år før 2008, med mykje hardt arbeid, ligg bak bonusen. Og eg betaler skatt med glede, seier han.

Full omstilling
Ved Acta Bergen var det på det meste 15-20 rådgjevarar i sving. No har kontoret redusert til 5.

- Det er klart at vi merka finanskrisa. Cirka 8 konkurrentar i Bergen har mista konsesjonen og gått konkurs det siste året, men vi har heldigvis klart å omstilla oss, seier den lokale Acta-sjefen.

Nye retningslinjer har også ført til endringar i drifta.

- Blant endringane kan eg nemna at rådgjevarane våre no har fastløn, ikkje provisjon. Vi stiller også strengare krav til likviditeten i produkta vi sel.

Acta yter framleis service til småkundar, altså dei som investerer for under ein halv million, men rådgjevingstenesta er no retta mot større investorar.

- Før var vi i ei 80-sone, no er vi i 50-sona. Men eg føler at vi no har ein struktur som gjer at vi driv på ein sunn og god måte, seier Bjørn Michelsen.

Omorganisering har også vore del av dei omfattande endringane i selskapet det siste året. Rådgjevinga er no underlagt Acta Asset Management, der osingen Jostein Viken overtok som administrerande direktør i september i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.