Fotball | 16. juni 2020

Hausten i 3. divisjon: Terminlista er klar

Kven får heimekamp i lokaloppgjeret?

Hausten i 3. divisjon: Terminlista er klar
Lysekloster slo Os 3-1 heime i haust. I år blir det berre éin runde med derby, den kampen går på Kuventræ. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. juni 2020 06:59

OPPDATERT: NFF la ut terminliste før det var opna for både trening med kontakt og kamp. Seriestart blir ikkje 8. august, fotballen skal få nye svar i møte 10. august om eventuell seriestart i september.

Årets serie i Norsk Tipping-ligaen blir gjennomført med halv serie etter at koronapandemien sette ein stoppar for vårsesongen.

Opp- og nedrykk går som normalt, ikkje med sluttspel etter serien, som var diskutert.

I går blei terminlistene i OBOS og Nors Tipping-ligaen trekte. Planen er med atterhald om godkjenning frå styresmaktene.

Os startar heime, Lysekloster borte

Os startar heime mot Ready laurdag 8. august.

Neste kamp går veka etter borte mot Fana.

Lysekloster startar borte mot Sogndal 2 laurdag 8. august.

Laurdaen etter tar dei imot Lyn 1896.

Lokaloppgjeret går på Kuventræ, Os tar imot Lysekloster til derby laurdag 5. september.

Lange reiser?

Nye motstandarar for klubbane frå Os, i forhold til 2019-sesongen, er i år Bjarg, Sandviken, Årdal, Frigg, Lyn 1896 og Ready.

Samla blir det tre langreiste bortekampar i tidlegare Sogn og Fjordane (Vestland) og tre på Austlandet.

Lysekloster har bortekamp mot Sogndal 2, Årdal, Frigg og Fjøra, altså 4 av 6.

Os får berre to langturar, mot Lyn i slutten av september og mot Sogndal 2 i serieavsluttinga.

Serien blir avslutta laurdag 31. oktober.

Alle laga i avdelinga (rangert etter vinnarodds frå Coolbet):
Lysekloster
Fana
Frigg
Lyn
Fyllingsdalen
Fjøra
Stord
Ready
Sandviken
Os
Brann 2
Sogndal 2
Bjarg
Årdal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.