Lokal | 10. aug. 2016

Havjomfruen er funnen

Skulpturen «Havjomfruen og Hippolytus» som blei stolen i 2013 har kome til rette. No ber Henrik Askvik om hjelp til å finna ny plassering til den.

Havjomfruen er funnen
Henrik Askvik med «Havjomfruen og Hippolytus» saman med Arne Mæland si jente som sit i graset framfor Eldresenteret (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 10. aug. 2016 12:45

Bildeserie:

På dette skjeret sto skulpturen frå 2002 til den blei stolen i 2013 (foto: KVB)
På dette skjeret sto skulpturen frå 2002 til den blei stolen i 2013 (foto: KVB)
I 2014 kom ein ny versjon opp, støpt i dei originale formene (lesarbilete)
I 2014 kom ein ny versjon opp, støpt i dei originale formene (lesarbilete)
Havjomfruen og Hippolytus er i god stand, men skal få ein liten oppfrisking før den blir satt opp på ein ny stad (foto: AH)
Havjomfruen og Hippolytus er i god stand, men skal få ein liten oppfrisking før den blir satt opp på ein ny stad (foto: AH)
1 av 3

I november 2013 blei skulpturen «Havjomfruen og Hippolytus» stolen frå skjeret den sto på i Ulvsund.

Bronseskulpturen var laga av kunstnar Vidar Bratlund Mæland, på oppdrag av Henrik Askvik og Kurt Ove Engeseth.

I september 2014 kom ei ny utgåve, støpt i dei gamle formene frå 2002 på plass på det same skjeret, men den opprinnelege havfrua var framleis forsvunnen.

Den nye utgåven blei finansiert av ein anonym gjevar.

– Fredag i førre veke blei det som vi trur er den originale skulpturen levert inn her på lensmannskontoret, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Funnen i skogen

Skulpturen skal ha blitt funnen i eit ikkje kjend skogsområde og levert inn til politiet av andre enn dei som fann den.

– Finnaren ønska visst ikkje å ha noko med politiet å gjera og fekk ein annan til å levera den inn til oss.

Fekk den tilbake

Onsdag ettermiddag var Henrik Askvik på lensmannskontoret for å stadfesta at det var «Havjomfruen og Hippolytus» som politiet hadde fått innlevert.

– Det var det. No har eg fått den med meg i bilen og har tenkt å ta den med til Arne og Vidar (Mæland, journ.mrk) slik at dei kan sjå på den og friska den opp litt att, fortel Askvik.

– Kva tenkte du då dei ringte frå politiet og sa dei hadde fått den inn?

– Eg blei overraska, og hadde ikkje trudd at den skulle dukke opp igjen. Eg frykta at den hadde blitt smelta om, eller kasta ein plass ingen kunne finna den.

Kor skal den stå?

Sidan det på skjeret i Ulvsund har kome ein ny versjon av havjomfrua ber Askvik Midtsiden sine lesarar om å koma med innspel på kor originalen no bør plasserast.

– Den har jo ei historie og var ein hyllest til jentene då vi fekk den laga i si tid. Vi har tenkt på eit par aktuelle plassar, men har ikkje bestemt oss.

– Om det er nokon av Midtsiden sine lesarar som har forslag så kom med dei, oppmodar Henrik Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.