Næringsliv | 28. jan. 2016

Havnechefen tar pause

Februar blir siste månad for restauranten Havnechefen. – Vi vurderer å opna i andre lokale, seier Reidun Vasby.

Havnechefen tar pause
Havnechefen driv ut februar, så overtar Engeline-eigarane, som no òg er huseigar.
Andris Hamretorsdag 28. jan. 2016 20:31

For to år sidan blei kafeen Engeline overtatt av nye drivarar. Reidun Vasby og sonen Frank Vasby Bruarøy fortel om godt besøk og hyggelege kundar, men at dei har valt å ikkje fornya leigekontrakten som går ut i februar.

– For å driva vidare ser vi at det bør investerast. Vi betaler allereie ei høg leige, og i tilbodet om ny leigekontrakt går utgiftene ein del opp. Havnechefen har aldri gått betre, vi har mykje besøk på dagtid og stadig fleire middagsgjestar på kveldstid. Men vi vågar ikkje å ta den risikoen, det er ein tøff bransje og fleire nyetableringer på gang.

– Det er dessutan fleire faktorar som speler inn. Kommunen skal bygga glasbygg på Torget, med servering, der kunne vi godt tenkja oss å koma i dialog og eventuell leige. I tillegg har mannen min eit prosjekt på gang aust om elva, nær Osbrua, på ei tomt vi ønskjer å bygga eit næringsbygg med restaurantlokale. Søknadsprosessen er i gang, men der er vi framleis i ein tidleg fase.

Huseigar pussar opp

Bygget i Brugata, tidlegare kalla Buggegården, fekk i september ny eigar.

Borghild Strønen, som starta Engeline saman med søstera i 2011, har saman med mannen Oddvar Onstad kjøpt bygget.

– Vi held på å pussa opp husværa oppover i etasjane, fortel Oddvar.

Bygget har fire husvære i 2. etasje, to i 3. etasje og éin i 4. etasje.

Alt er ikkje klart med langtidsplanane enno, men kafeen blir ikkje stengt i mars.

– Det blir gjerne eit par endringar, kanskje også eit par dagar stengt mens vi gjer nokre små grep, men vi kjem til å driva kafeen vidare frå mars av, fortel Onstad.

Havnechefen vil satsa vidare

Sjølv om både Torget og eit komande nybygg står for tur er Havnechefen-gjengen klare for å opna ein annan stad snarast råd, om dei finn rett lokale.

– Vi har hatt ei strålande tid med gode kundar og fine tilbakemeldingar. Dei tilsette blei varsla onsdag og i dag, men vi har òg sagt at vi kan koma til å opna igjen ein annan stad i sentrumskjerna om vi finn eit godt eigna lokale.

– Eg vil og prøva å hjelpa dei som har bestilt konfirmasjon hos oss til å finna ei løysing.

Havnechefen driv restauranten ut februar. I tida fram til dei opnar igjen ein annan stad vil kokken Frank driva som frilans.

– Eg har allereie booka inn både bryllaup og 40-årsdag, og kjem til å retta meg mot både private og bedrifter, seier Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.