Kultur | 20. jan. 2013

Headhunta Elias

Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland har headhunta Elias Grimstad Salbu (13) til ei større rolle i Havfest. - No gjenstår det berre å finna ei dame til guten, smiler komponisten.

Headhunta Elias
Elias Grimstad Salbu og komponist Glenn Erik Haugland er allereie i gang med å øva inn songane i den nye rolla til Elias (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 20. jan. 2013 07:58

Då folkeoperaen Havfest hadde verdspremiere i juni 2011 imponerte 11 år gamle Elias Grimstad Salbu med eit fantastisk breakdancenummer midt i framsyninga.

- Ikkje berre hadde Elias evna til å bevega seg. Han har òg ei fantastisk stemme.

- I tida etter den førre oppsettinga har eg halde eit godt auge med Elias, både i Norske Talenter og på andre ting han har gjort.

- Vi er rett og slett imponert over den spennande utviklinga han har hatt, ikkje minst stemmemessig, fortel komponist Glenn Erik Haugland.

- Var nok då

I 2011 spelte Elias rolla Sanz, ein av gurifolket.

- Det var jo ei mindre rolle enn den Glenn Erik og Heidi vil at eg skal spela no.

- Men då var det meir enn nok. Eg følte eg var viktig i Havfest, fortel ungguten.

Kjærleikshistorie i historia

Rolla Elias skal spela no er som Gild, ein av dei andre gurifolka.

- Gild forelskar seg i Gyrid som er like forelska i Gild.

- Det utspeler seg eit kjærleiksforhold mellom dei to, samstundes som hovudrollefigurane Guri Kunna og Arnfinn feirar trulovinga si.

- Om du legg merke til det, så går det to parallelle songar på scenen i denne delen av handlinga, med kvar si handling, forklarer Glenn Erik Haugland.

- Kvifor har de allereie plukka Elias ut til rolla som Gild. De skal jo ha audition sundag 27. januar?

- Elias viser eit stort spekter. Vi meinte han var som skapt for rolla, både i høve til songtalent, skodespelartalent og det talentet han viste sist innan det å bevega seg på scenen.

- Difor hadde vi veldig lyst å tilby Elias denne rolla når Sindre, som hadde rolla sist, fortalde at han ikkje kan vera med i år, seier komponisten.

Må finna ei dame til Elias

Ei utfordring har Haugland framleis igjen når det kjem til Elias; han treng ein kjærast.

- Ja, ikkje til Elias sjølv då. Det får han greie på eigenhand, men til Gild, ler Glenn.

- Ingrid, som spelte Gyrid sist, har heller ikkje høve til å vera med i år, så vi håper jo at det kjem nokon på auditionen som passar i denne rolla.

Treng fleire gutar

Det er ikkje berre rolla som Gyrid som skal bli bekledd på nytt. Fleire andre roller treng nye skodespelarar og songarar. I tillegg har komponisten nokre planar om endringer for å løfta stykket enno eit hakk.

- Kva retning det tek kjem litt an på kva stemmer vi finn på audition.

- Du veit, dette stykket er det vi sjølv som har komponert, så vi står fritt til å gjera tilpasningar.

Uansett korleis Haugland tenkjer å gjera om på stykket har han eitt ønskje før auditionen.

- Det er at det kjem mange gutar.

- Jentene er sjølvsagt og velkomen, men vi veit allereie no at vi treng fleire gutar, avsluttar Glenn Erik Haugland, som gler seg til å høyra talenta som møter neste sundag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.