To av dagens målskårarar, Egil Thuen og matchvinnar Lars Erik Lunde i ein av fleire duellar i dagens derby. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Heftig derby på Nore Neset

Nore Neset 2 - Os 3: To straffar, fleire gule kort og rikeleg med nettkjenningar, lokaloppgjeret hadde alt.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Mens Søfteland og Nore Neset speler i kvar si 5. divisjonsavdeling og Lysekloster og Os berre møttest i NM er det berre i 7. divisjon det er duka for derby denne sesongen.

Nore Neset 2 sto med 7 poeng på 5 kampar før dagens lokaloppgjer mens nystarta Os 3 har 3 poeng etter 2 kampar.

Vertane hadde lagt til rette for ein god dag på Skeie, med speaker og open kiosk, og publikum fekk valuta for dei knappe to timane langs den første av det som snart er to kunstgrasbanar.

Nore Neset 2 - Os 3 4-5 (2-1)
Målskårarar: Øystein Lien 1-0, Per-Olav Solberg Strønen (2-0, straffe), Arne Gjerde (2-1), Egil Thuen (3-1), Steffen Ludvigsen (3-2), Ivar Bøthun (4-2), Isak Røen (4-3) Lars Erik Lunde (4-4 og 4-5, den siste på straffe).

Nore Neset 2 mønstra eit godt lag med mykje rutine, Os 3 stilte med litt lettare bein og noko meir finslepen teknikk. Begge hadde raske angriparar, Os 3 med Isak Røen på topp, Nore Neset 2 med Andreas Bjørnen.

Fleire langs sidelinja spådde at 2-1 ville blir til 3-4 utover i 2. omgang, men det var vertane som skåra først etter kvilen.

Heimelaget fekk det tyngre då både Lien og Bjørnen blei skadd i duellar og måtte ut. Hufthammer måtte òg tre av då han skulle førebu seg på å leia Nore Neset G16 rett etter kampslutt.

Det var rikeleg med sjansar begge vegar, både på innlegg og cornarar. Begge straffane såg billige ut, ikkje minst den Thuen skaffa Strønen før pause.

Gjestane Os 3 stakk av med alle poenga etter at Lars Erik Lunde sette inn sitt andre for dagen, frå 11-meteresmerket kort tid før kampslutt.

Sjå tabell og kampdetaljar.

Vi i Midtsiden har lite lyst til å gå glipp av returoppgjeret søndag 25. septemer.

Fleire saker