Fotball | 15. juni 2025

Heftig innspurt borte mot Lyn 2

Tiande serierunde snudde to gongar.

Heftig innspurt borte mot Lyn 2
Plätzer, her i slalåmløp mellom Lyngbø-spelarar, skåra dagens første mål i Oslo. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 15. juni 2025 16:29

Os på 5. plass spelte i dag borte mot Lyn 2 på 4. plass. Tre poeng skilte dei to før kampstart.

Os mista NM-plass då dei onsdag tapte heime for Djerv 1919, men i serien har det gått betre den siste tida.

Storskårar Vatland Karlsen, som sto over førre kamp, er ikkje heilt tilbake, men er del av dagens tropp.

Filip Fjellberg, som var nær skåring få sekund etter at han kom innpå sist, spelte frå start.

I dag tok Os leiinga ved Sebastian Plätzer etter eit kvarter, men vertane utlikna tre minutt seinare.

Vertane overtok leiinga i 62. minutt, men Os hadde meir på lur.

Først skåra Plätzer eitt til, så kom Karlsen innpå.

Han gav Os 3-2-leiing, så auka han til 4-2 på overtid.

Dette var likevel ikkje kampens siste mål. Buan sette sluttresultatet til 5-2.

Lyn 2 - Os 2-5 (1-1)

Os
1 Kasper Sandven Færøvik
14 Anders Hjelle Havsgård
15 Mathias Sivertsen
19 Fredrik Strønen Skeie
29 Vegard Leikvoll Moberg
7 Kim Arne Brakstad
18 Sebastian Plätzer
20 Torgeir Lunde (kaptein)
11 Henrik Tysse Sperrevik
23 Daniel Grimset Kvalvågnes
27 Filip Fjellberg

Innbytarar:
32 Nemanja Masic
2 Jason Onsrud Buan
5 Torkel Hjertnes
6 Karl Aspevoll Omdahl
16 Håvard Vatland Karlsen
24 Eirik Rysjedal

Os speler neste kamp heime mot tabelltoar Fana førstkomande fredag. Sist dei møttest var i første NM-runde, då var det Os som vann, men over eit B-prega Fana.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.