Samferdsle | 12. mars 2026

Hegglandsdalsvegen er stengt ved Hjella

Vegetasjon i vegen stoppa trafikken like ved Borgafjellet barneskule. (Oppdatert)

Hegglandsdalsvegen er stengt ved Hjella
Her kjem du ikkje forbi. Skjerdump frå Vegvesen trafikk
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatorsdag 12. mars 2026 19:21

Statens vegvesen meldte klokka 17.53 torsdag 12. mars om om stengt veg i begge retningar ved Hjella.

Det er fylkesveg 579 Hegglandsdalsvegen som er stengt, like ved Eventus Borgafjell barnehage.

Utløysande årsak til stengt veg er oppgitt til å vere tre eller buskar i vegen.

Ifølge Yr er det gult farevarsel for kraftige vindkast i området, i tillegg til gult varsel om jord-, sørpe- og flaumskredfare.

I skrivande stund viser meldinga vindkast på 19 meter i sekundet.

Ifølge vegvesenet estimerer dei stenginga til å vare i fire timar, fram til klokka 21.53.

Oppdatering: Vegen var open då Midtsiden var oppom staden klokka 20.

Like før klokka 21 meldte Statens vegvesen at vegen er open igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?