Næringsliv | 11. mars 2014

– Hei, vil du kjøpa båt?

Mobil, flytande båtmesse blei ei blanda oppleving. – Men det kom faktisk litt folk, og vi prøver nok dette igjen, seier Jonathan Dyrstad.

– Hei, vil du kjøpa båt?
Den flytande, mobile båtmessa opplevde kuling og regn, men hadde greit besøk då dei la til land. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. mars 2014 20:23

Bildeserie:

Mobil, flytande båtmesse, Bekkjarvik 2014.
Mobil, flytande båtmesse, Bekkjarvik 2014.
Mobil, flytande båtmesse, Bekkjarvik 2014.
Mobil, flytande båtmesse, Bekkjarvik 2014.
Mobil, flytande båtmesse, Vpgen i Bergen 2014.
Mobil, flytande båtmesse, Vpgen i Bergen 2014.
Jonathan Dyrstad frå Askeladden var blant dei som deltok på messa. Her under tak. (Arkivfoto: KVB)
Jonathan Dyrstad frå Askeladden var blant dei som deltok på messa. Her under tak. (Arkivfoto: KVB)
1 av 4

– Eg hadde ikkje brukt vindusviskarane på bilen min på to veker, og så, då vi endeleg skulle gjennomføra konvoien vi har planlagt i mange månadar, så fekk vi dette grisevêret.

Askeladden Boats var ein av dei 11 båtleverandørane som i helga, frå torsdag til søndag, reiste i konvoi til Leirvik, Bekkjarvik og Bergen for å visa til saman 21 båtar.

Reknar med sal

Trass regn og kuling fortel salssjef hos Askeladden, Jonathan Dyrstad, om ganske god respons på enkelte av bryggene konvoien la til land.

– På Leirvik kom det bra med folk og i starten på Vågen i Bergen var det både greit vêr og godt besøk.

– Eg er faktisk overraska om ikkje messa fører med seg eit sal eller to, og i så fall var denne første flytande, mobile messa ein suksess på linje med den flytande messa i Bergen om hausten, seier han.

Vil gjenta turen

Initiativtakar til arrangementet var båtbransjens eige organ NORBOAT avdeling vest, ein bransjeorganisasjon som arbeider til beste for gode opplevingar på sjøen.

Forhandlarane som er medlem av NORBOAT er alle blant bransjens mest seriøse – og ein garantist for trygg handel og god oppfølging.

– Dialogen vi utstillarar har hatt i etterkant viser at det samla sett blei ei god oppleving, og noko vi vil prøva igjen, anten seinare i år eller neste år på same tid, seier Dyrstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.