Lokal | 05. nov. 2011

Heider og humor

VIDEO (standup): Det avtroppande kommunestyret markerte slutten og feira med humor og heider i Oseana fredag.

Heider og humor
Søviknes og Lunde. (Foto: AH)
Andris Hamrelørdag 05. nov. 2011 14:10

Tradisjonen tru markerte det avtroppande kommunestyret perioden dei har vore gjennom med middag og hyggeleg samkome fredag kveld. Eit tradisjonsbrot var det riktig nok, festen var flytta frå Solstrand hotell til kommunens eige storstove i Oseana.

- Alle dei viktige vedtaka om Oseana er fatta av de som sit her. Kva var meir naturleg enn å leggje markeringa hit, helsa ordførar Terje Søviknes.

Han nytta òg sjansen til å trekka fram dei mange store sakene kommunestyret hadde vore gjennom før han takka administrasjonen for godt utført arbeid.

- Eg vil retta ei spesiell takk til dei tilsette i det politiske sekretariatet som held orden på politikarar, sakspapir og protokollar.

Fungerande takka vere Hedevig

Rådmann Knut Terje Rekve sette pris på dei gode orda og samarbeidet med politikerane i perioden som har vore.

- Vi var jo litt spente på korleis det nyoppretta tenesteutvalet skulle fungera.

- Eg vil retta ein stor takk til Hedevig Holst (H) som var utvalets første leiar. Med hennar personlege engasjement og innsats klarte ho å gjera tenesteutvalet til den staden som det var tenkt å vera i høve til dialog mellom administrasjon og politisk nivå, helsa rådmannen.

Hedevig Holst måtte tidlegare i år gje seg som leiar av utvalet grunna sjukdom.

For lang og tru teneste

Fire kommunepolitikarar blei heidra med KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund) sin medalje for lang og tru teneste i forskjellige verv og posisjonar.

For å få tildelt medaljen skal vedkommande ha lagt bak seg 24 år i politikken. Ordførar kan òg søke særskilt om ein finn personar som fortener medaljen sjøl med kortare fartstid.

Ordførar Terje Søviknes fekk gleda av å dele ut medalje til Nils-Gunnar Drange, Johannes Taule, Harald Åsen og Børge Lunde for deira lange innsats.

Standup og sjølvfanga hummer

Det var ikkje berre formelle talar og heider som kommunestyret skulle gjennom. Også god mat og underhaldning sto på programmet.

- Til forrett skal dykk få ein smak av Lysefjorden, fortalte kjøkkensjef Torstein Sperre.

Han sikta til hummarsuppa basert på hummar levert av ordførar Terje Søviknes tidlegare i veka.

Som kveldens overrasking og underhaldning hadde kommunestyret henta inn standupkometen Jon Hægland, som tidlegare i år kjempa om tittelen årets nykomar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.