F.v.: Avtroppande fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap), Bente Bondhus (Sp), Gustav Bahus (Frp), Gunnar Bakke (Frp), Roald Stenseide (Frp), Geir Kjell Andersland (V) og Terje Kolbotn (R). (Foto. Terje Søviknes)

Heidra for 24 år i fylkespolitikken

– Det har vore ei interessant og kjekk tid, seier Gustav Bahus, som no trappar ned.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Under avsluttinga for Hordaland fylkesting i ærverdige Håkonshallen torsdag kveld, fekk Gustav Bahus (Frp) utdelt KS-heidersteik for særleg fortenestefull innsats i kommune- og fylkespolitikken.

Han har sete 6 periodar, altså 24 år, i kommunestyre og fylkesting.

I fylkespolitikken var han blant anna leiar i det prestisjefylte samferdsleutvalet i heile tre periodar, samanhengande frå 2003 til 2015.

Held fram i lokalpolitikken

– Det har vore interessant å vera med og forma og bygga, seier Gustav til Midtsiden.

– Eg vil trappa litt ned no, og er 3. vara på fylkestinget og 1. vara i samferdsleutvalet, som no heiter hovudutval for samferdsle og mobilitet.

I komande Bjørnafjorden kommune er han fast medlem av kommunestyret og plan- og bygningsutvalet.

Bahus er i tillegg leiar for Vestland Frp.

Starta som brumotstandar

E39 Moberg-Svegatjørn og seinare Svegatjørn-Rådal har vore blant hovudsakene.

I si tid var Bahus og resten av Os Frp imot bru over Ulvenvatnet.

Dei stilte til val på tunell frå vekta på Halhjemsvegen gjennom Liafjellet til Ulven i det dei kalla «fornuftsalternativet».

Seinare har han jobba med dagens alternativ, og fekk saman med sonen Gustav Alfred første tur gjennom Skogafjellstunnelen.

Fleire saker