Heidra under opningsfesten
Søndag er det 60 år sidan Henrik Eidsvik opna stasjonen, i går skifta den namn for tredje gong.
Video frå opningsseremonien (privat foto).
Osøyro Autoservice AS, som for to veker sidan blei om-dekorert, hadde i går opningsfest som Circle K-stasjon.
Circle K Os lokka med kake, kaffi, låge prisar og litt show. Varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) sto for opningstale på formiddagen.
– Det er utruleg kjekt at same familie har drive stasjonen alle desse åra, som BP og Norol, og no frå Statoil til Circle K. Eg er sikker på at dette blir ein møtestad for mange også i framtida, uansett kor gamle folk er og kva dei kallar stasjonen, sa Laila.
Borgafjell Barnehage besøkte stasjonen under opningsseremonien og song. Erling Tveit stilte med veteranbuss og tok ungane med på tur.
• Les òg: Kongens fortenstmedalje til Erling Tveit
Fleire leverandørar stilte opp og delte ut ulike effektar, og på ettermiddagen tok Os Swingklubb seg ein dans.
– Det har vore ein veldig kjekk dag så langt, sa medeigar Siv Eidsvik til Midtsiden midt på dagen.
– Det blei fint med nye fargar og nye skilt, og veldig gøy at barnehageungane kom og song, seier Henrik, som fylte 88 år 1. januar.
Varaordføraren synest Henrik er til stor inspirasjon.
– Det er flott å sjå seniorar som framleis vil vera aktive. Du er still going strong og eg håper du får mange fleire fine år her ved stasjonen, sa Reiertsen.