Kultur | 01. aug. 2012

Heidrar Henrik Lyssand

Det er ikkje berre riksartistar som fyller Oseana i haust. Andre helga i september går lokale krefter saman om å heidre Henrik Lyssand.

Heidrar Henrik Lyssand
Kora i Os slår seg saman i festkonsert for å heidre Henrik Lyssand sundag 9. september (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. aug. 2012 10:42

I år er det 100 år sidan komponist og kulturpersonlegheit Henrik Lyssand blei fødd. 8. og 9. september blir jubileet markert med fleire framsyningar i Oseana.

Os vocalis opnar festen med jubileumskonsert i foajeen, før mellomanna Dursamskipnaden og Spelemannslaget skipar til dansekveld med konsert i Oseanasalen.

Jubileet held fram sundagen med barnekor satt saman av elevar frå Os kulturskule, Os barneskule og Søfteland skule. Det heile blir runda av med storstilt festkonsert der fleire av laga Henrik Lyssand var ein sentral del av deltek. På scena kjem Os kammerkor, Os musikkforening, Os spellmannslag og stryken, Os mannskor, Os mannskors minikor, Lysekoret, Os blandakor, Os Vocalis, Pensjonistkoret, tre med skjegg og ein utan.

Henrik Lyssand var mellomanna Os kammerkor sin første dirigent då koret blei stifta i 1976. Ei oppgåve han helt fram med til Jan Ove Petersen overtok taktstokken i 1989.

Del av kystsogevekene

Jubileumsfeiringa er óg ein del av kystsogevekene som opnar laurdag 18. august i Søre Øyane. Årets kystsogeveker i Os omfattar i år arrangementet i Øyane med mellomanna fiskekonkurranse, kappsegling og opning av utstilling på Galleri Vedholmen. Bygdadans i ungdomshuset i Søre Øyane og Oselvarfestival og Bondens dag på Os 25. august.

I tillegg til jubileumskonsertane andre helga i september vil det óg bli arrangert kulturminnedag laurdag 8. september kor MS Midthordaland legg turen om Vinnes, Våge og Osøyro for å markera kor viktig møteplass dampskipkaia var den gong fjordbåtane gjekk i fast rute.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.