Heile pallen fylt med jenter frå Os
Sondre Kvamsdal «vann som vanleg», Helena Bakke tok sin første førsteplass i vestlandscupen.
I den siste vestlandscupen i år forsynte Os Karateklubb seg godt frå medaljefatet både i kamp og i kata (teknikk).
– Det er høg aktivitet i karateklubben, og no er det ein ny generasjon unge utøvarar som nærmar seg internasjonalt nivå, sier Cato Bruarøy, trenar i karateklubben.
Reint bord i tøffaste klassen
Helena Bakke vann gull i klasse jenter 12-13 år etter fleire svært gode kampar. Med pappa Ole Bakke som coach og strateg sigra lysefjordingen over den eine favoritten etter den andre.
Helena vann den spennande finalen med eitt poeng over vestlandsmeister og lagvenninne Carmen Bruarøy. Carmen hadde nok eit godt stemne med medalje også i kata.
– Deltakarane i jenter 12-13 år heldt høgt nivå, truleg har det aldri vore høgare nivå i denne klassen på Vestlandet. Det var imponerande av Helena som klarte å halda konsentrasjonen oppe i møte med fleire av dei beste i landet.
Mariell Askvik Midtbø tok 3. plass etter sterk fighting. Dermed gjekk alle dei tre medaljane til Os.
Aurora Berge Fagerthun, som har medalje i NM i vår og finaleplass i vestlandsmeisterskapen, starta med siger, men måtte trekkja seg seinare grunna sjukdom. Natalie Lernes Andreassen tok 5. plass i kata etter to fine rundar.
Hedvig til finale
I klasse jenter 14-15 år kom Hedvig Østevold til finalen etter eit sterkt stemne. Innleiande kampar vann ho klart, før det til slutt vart sølv etter finaletap mot utøvaren frå Sotra som Hedvig vann 8-1 over i Vestlandsmeisterskapen.
Melina Solvang og Tuva Baggen var dei to største favorittane i klassen.
Tuva vart dessverre sjuk og måtte trekkja seg like før start. Melina var småsjuk, men tok likevel medalje i både kamp og kata. Det blei to tredjeplassar denne gongen.
Sondre slo til igjen
Sondre Kvamsdal vann juniorklassen nok ein gong. Sørenesingen trener fleire økter om dagen, og det er få som matcher han på Vestlandet.
Råsterke Tobias Hagen Røttingen var nærare enn på lenge, og Tobias tok 3. plass etter sterke prestasjonar i fleire kampanr.
I klassen for jenter junior tok Eirinn o’Fahey Voldsund 2. plass. Henrik Heiberg Andersen i gutar 14-15 år viste igjen god teknikkar, men det vart ikkje medalje på han denne gongen.
Nye dommarar frå Os
Svein Erik Henne, Morten Seljelid og Cato Bruarøy fekk nye dommarlisensar etter bestått praktisk eksamen.
Vidar Mjånes var sjefsdommar på stemnet.