- Heilt rått!
Askeladden Commuter 10 rib blir godt mottat. I helga var fabrikkeigar Mons Tore Lyssand på prøvekjøring.

Bildeserie:
- Det er heilt rått korleis denne båten oppfører seg i sjøen, seier Mons Tore Lyssand om den første nye modellen etter at han kom inn som investor. Lyssand og Henrik Askvik redda den snart 100 år gamle Askeladden-fabrikken frå å bli selt til investorar utanfor kommunen då dei med Askeladden Boats AS tok over former, namn og fabrikk i vår.
I helga fekk Lyssand gjort seg betre kjent med Commuter 10. Vi møtte han under bunkring på Vedholmen Landhandel.
- Vi var ein gutegjeng på tur tidlegare i helga. Vi cruisa frå Bakkasund til Bergen sentrum på 22 minutt, seier han nøgd.
Lyssand fortel også om god mottaking i båtpressa.
- Dei kallar den det råaste som er bygd i Noreg, og det kan eg forstå. Vi har kjørt parallelt med ei redningsskøyte og kryssa 90 gradar inn på hekkbølgene. Rib-en susar mjukt gjennom omtrent kva som helst, så denne båten kan ha svært mange ulike bruksområde.
Les test i Seilas:
Opp fra asken i 50 knop
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.