Sport | 14. okt. 2018

Heim frå Alaska til hummarfiske i Bjørnafjorden

– Eg fekk overraskande lite kjeft, seier Lauritz Lekven (18) etter ein lang sommar på den verdskjente krabbefiskebåten «Northwestern».

Heim frå Alaska til hummarfiske i Bjørnafjorden
Lauritz Lekven lengtar tilbake til Alaska, men liker seg òg heime på hummarfiske. I bakgrunnen kameraten Sivert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. okt. 2018 08:21

Bildeserie:

I heile sommar har Lauritz jobba på den verdskjente krabbefiskebåten.
I heile sommar har Lauritz jobba på den verdskjente krabbefiskebåten.
Laksesortering med lett frisyre.
Laksesortering med lett frisyre.
Litt bifangst.
Litt bifangst.
Foreldra kom til Seattle for å ta imot båten etter endt oppdrag.
Foreldra kom til Seattle for å ta imot båten etter endt oppdrag.
Førstereisguten var sjøsjuk berre dei fire første dagane.
Førstereisguten var sjøsjuk berre dei fire første dagane.
Med kollegaene Steven Porter og Sig sin bror, Norman.
Med kollegaene Steven Porter og Sig sin bror, Norman.
Lauritz saman med Edgar Hansen, pappa Isaac og Sig Hansen.
Lauritz saman med Edgar Hansen, pappa Isaac og Sig Hansen.
1 av 7
I heile sommar har Lauritz jobba på den verdskjente krabbefiskebåten.
Laksesortering med lett frisyre.
Litt bifangst.
Foreldra kom til Seattle for å ta imot båten etter endt oppdrag.
Førstereisguten var sjøsjuk berre dei fire første dagane.
Med kollegaene Steven Porter og Sig sin bror, Norman.
Lauritz saman med Edgar Hansen, pappa Isaac og Sig Hansen.

I mai fortalte vi korleis ei bilulykke sette ein stoppar for USA-draumen til fotballtalentet Lauritz Lekven (18). Lauritz, som har både norsk og amerikansk pass, blei liggande med broten rygg og sjå på den kjente TV-serien «Deadliest catch». Ved sidan av amerikansk fotball hadde han ein draum om å følgja faren og onklane sine fotspor, og få jobb innan krabbefiske utanfor vestkysten av Nord-Amerika.

Så ordna det seg. Pappa Isaac er kamerat med Sigurd Jonny «Sig» Hansen, eigar av den mest kjente krabbefiskebåten, «Northwestern».

Då dei møtte han i vår fekk Lauritz jobb på strak arm, men ikkje for å fiska krabbe.

Hard start

Før krabbefiskesesongen startar går «Nothwestern» utanfor Alaska for å henta laks frå mindre fiskebåtar og frakta denne til land. Lauritz skulle jobba om bord i 7 veker, men blei cirka 3 månadar i oppdrag for Sig Hansen.

– Eg blei henta på flyplassen i Seattle av ein ven av familien, i ein flunkande ny Escalade, ein bil med massasje i setene, fortel Lauritz.

Det blei siste luksusen på ei stund. Neste morgon møtte han på Pacific Fishermen Shipyard, frå 6. til 19. juni var det arbeid med vasking, maling og vedlikehald av båten.

– Laurdag 23. juni var vi på plass i Alaska. Turen opp var heilt forferdeleg, eg var sjøsjuk og spydde i fire dagar i strekk, innrømmer førstereisguten.

Heldigvis blei det med desse fire kvalme dagane.

– Lite søvn, godt miljø

Så var arbeidet i gang. Ut til fiskefelt som Valdes, AFK og Naked Islands for å henta og sortera laks frå sjarkfiskarane og inn til land for å levera.

– Vi gjekk oftast inn til Cordova. Turen frå fiskefeltet og inn til Cordova tok 8-9 timar. Båten gjekk omtrent i eitt, du søv då du hadde tid, 3-4 timar samanhengande på det meste, men av og til berre ein halvtime mens du venta på at båten skulle til land.

Lauritz si oppgåve under lasting var å sortera laksen etter art, i hovudsak fire artar; chums, reds/suckeye, pinks og silvers. I løpet av sommaren såg dei berre sju king salmon. Mens båten gjekk til eller frå land var det vasking og matlaging. Førstereisguten måtte naturlegvis ta oppvasken.

– Kva var kjipae og kjekkare enn du hadde venta?

– Kjipare var vel at du konstant følte at du fekk for lite søvn, det å måtta jobba når du er trøtt var uvant og litt tøft. Det som var kjekkare enn eg hadde trudd var at det gode miljøet om bord. Eg hadde trudd at eg skulle få mykje kjeft. Dei einaste gongane eg fekk kjeft så hadde eg bedd om det, for eksempel gitt blaffen i å ta oppvasken og berre gått og lagt meg etter mat, seier Lauritz og ler.

– Det var veldig god arbeidsmoral. Sett vekk frå oppvasken, så hjelpte alle kvarandre når noko skulle gjerast, uansett kor trøytte vi var. Sig sin bror, Edgar, var sjef om bord. Han er ein veldig dyktig og grei kar!

Av og til blei det pause og landlov. Då tok mannskapen, som var 3-5 personar, lettbåten inn til ein småby for å gå på pub, eller opp i ei fjøre for å laga bål og slappa av med ei øl og litt mat. Lauritz fylte 18 år i sommar. Alaska hadde ein praksis meir lik Noreg enn resten av USA når det kjem til kven som slepp inn på pub.

Læretid og nye turar

Lauritsz er no heime og jobbar som forskalingssnekker. Han har to år igjen av læretida, og takkar arbeidsgjevar Tore Lekven for at han var fleksibel med tanke på dato for heimkomst.

Mens han var i Alaska så varsla han foreldra at han «aldri kom heim».

– Draumen er jo å få vera med på krabbefiske der borte, og eg fekk beskjed om at eg kanskje fekk plass. Men alt det faste mannskapet dukka opp då sesongen starta, så eg sit på reservebenken. Ringer Sig og seier at han trenger hjelp, så reiser eg.

Kollegaen Steven Porter fekk jobb på båten «Southern Wind» og kjem med i neste sesong av «Deadliest catch». Han og Lauritz har dagleg kontakt.

– Men det var godt å koma heim til hummarfiske òg! Eg kjøpte eigen båt då eg kom heim, og eg fekk ein god start. Den første laurdagen i sesongen er beste dag til no, då fekk eg 7 hummar utanom 2 som var for små.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.