Sport | 18. feb. 2018

Heim med to poeng frå Sogn

Handballherrene til Os er godt nøgd etter å ha tatt med seg to poeng frå Sogn og Fjordane.

Heim med to poeng frå Sogn
Ungguten Even Hilland Lærum skårte sine tre første mål i 3. divisjon på turen til Sogn og Fjordane (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 18. feb. 2018 16:09

Laurdag morgon satte herrespelarane til Os håndball seg på bussen til Sogn og Fjordane og to kampar mot Gloppen og Sogndal.

Resultatet blei to av fire poeng, det beste dei kunne håpe på.

– Til Sandane kjem vi utan tru på å utrette noko. Så ærlege skal vi vera. Kampen mot Gloppen er køyrd etter sju-åtte minutt. Etter det handler det berre om å begrense tapet, seier Ostrenar Alexander Heggø.

Gloppen - Os 39-24 (17-10)
Utv: Gloppen 1x2 min, Os 3x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl 2, Nils Andris Hamre 4, Bendik Oen, Isak Røen 6, Mats Brunvatne 2, Hans Brunvatne, Erik Vågen 2, Joakim Blostrupmoen 5, Egil Thuen 1, Even Hilland Lærum 2.

– Det kjekkaste med den kampen er at Even skårer sine første mål i 3. divisjon, skryt Heggø om ungguten.

Meir trøkk

Etter tapet reiste gutane til Sogndal og overnatting på hotellet der.

– Vi fekk oss ein god middag og ei god natt. Samstundes har det vore ein sosial tur, kor vi har blitt betre kjend med kvarandre, fortel trenaren om inngangen til søndagens kamp.

Sogndal - Os 22-32 (8-15)
Utv: Sogndal 2x2 min, Os 5x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl 7, Nils Andris Hamre 4, Bendik Oen, Isak Røen 7, Mats Brunvatne 2, Hans Brunvatne, Erik Vågen 4, Joakim Blostrupmoen 3, Alexander Heggø 3, Egil Thuen 1, Even Hilland Lærum 1.

– Det var litt meir trøkk i den kampen. Då hadde vi trua frå start og gjekk kjapt opp i 2-0. Etter det helt vi leiinga heile kampen ut. På det meste var vi oppe i 12-13 måls leiing, men det blir litt Hawaii-handball på slutten.

– Eg er godt nøgd med korleis alle presterer i den siste kampen. Då speler alle bra. Vi reiser heim med dei to poenga vi hadde sjans til å ta og det er vi godt nøgd med, avsluttar Heggø frå bussen på veg heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.