Fotball | 12. okt. 2021

Hektisk andreomgang redda av Hadler-Olsen

Os 2 spelte den utsette siste halvdelen mot Djerv i kveld. Det blei spennande!

Hektisk andreomgang redda av Hadler-Olsen
Lars Hadler-Olsen, her i bakgrunnen med pannebånd/strikk, blei matchvinnar. Petter Hilton la på til 2-4. (Bilde frå kamp mot Arna-Bjørnar, foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. okt. 2021 19:34

Søndag spelte Os 2 borte mot Djerv i ein kamp som blei stoppa i pausen grunna manglande banelys på Møllenpris.

Os 2 leia 1-0 etter mål av Niklas Lunde Fosen, og ønskte å fullføra.

Niklas Lunde Fosen, her mot Fjøra med A-laget, gav Os 2 leiinga i 21. minutt borte mot Djerv. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògOs 2 leiar kampen - speler andre omgang ein annan dag

Midtsiden har sett bilde av banen ved pause, og har ut frå bildet sett mørkare banar husa seniorkampar, men først i kveld kunne andre halvdel spelast - denne gong på Nymark.

Djerv skal ifølgje Os 2-trenar Stian Kvåla har sett meir slitne ut enn dei gule og svarte til pause søndag, i kveld var dei uansett utkvilte nok til å utlikna.

1-1 av Djerv kom i 55. minutt.

– Vi hadde for det meste kontroll i dag òg, og før utlikninga hadde Egil eit skot rett utanfor, fortel trenar Stian Kvåle.

I 70. minutt utlikna Lars Hadler-Olsen.

Forsvarsspelaren frå Nore Neset debuterte på Lysekloster i 2018 og for A-laget til Os borte mot Fyllingsdalen i haust.

I kveld gav han Os 2 tilbake leiinga på ei heading etter ein corner.

– Egil slo corneren på bakerste stolpe, Marius Mikkelsen heada den vidare til Lars, som også er sterk i lufta.

Fem minutt før slutt la Petter Hilton på til 1-3, etter assist av Thuen. 3-1 sto seg kampen ut.

Os 2 kom derfor a-poeng med Djerv etter bunnstriden i 9. av 10 serierundar, og klatra frå 6. til 5. plass grunna betre målforskjell.

NHHI ligg på 4. plass med eitt poeng meir.

Os 2 tar laurdag imot Voss (kl 15) i serieavsluttinga, og bør vinna også denne for å berga plassen i 4. divisjon.

Nedste lag rykker direkte ned til 5. divisjon, 5. plass speler kvalifisering om å halda seg.

Djerv møter NHHI i siste runde, og om dei tar poeng frå NHHI vil det hjelpa Os 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.