Kultur | 07. aug. 2012

Hektisk dubbing i Russland

20 minutt før visning måtte Rolv Lyssand Bjørø skrive ned alle replikkane i "Paradox". Russerane ville nemleg dubba filmen.

Hektisk dubbing i Russland
Rolv Lyssand Bjørø fekk ei spennande oppleving under "Open Cinema" i Russland (montasje: festivalen si heimeside/Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 07. aug. 2012 08:24

Osingen Rolv Lyssand Bjørø var i sluten på juli i St. Petersburg for å delta på den russiske filmfestivalen "Open Cinema". Bjørø fekk invitasjonen etter at han viste filmen Paradox under filmfestivalen i Grimstad og var nominert i klassa for beste kortfilm i tøff konkurranse med 60 andre filmar.

- Det blei ingen pris diverre, men ein kjempeflott oppleving, fortel filmskaparen.

Vellukka visning

Før Bjørø reiste til Russland hadde han sendt digitale filer med filmen teksta på engelsk til dei russiske arrangørane.

- Dei hadde ikkje klart å opne fila, så tjue minutt før filmen min skulle visast måtte eg springa bakerst i kinosalen og skrive ned alle replikkane i filmen på engelsk.

- Der satt ein profesjonell dubbar som på direkten las replikkane på russisk. Eg må ærleg innrømma at eg trudde heile visinga skulle gå ein viss plass.

- Men det gjekk veldig bra. Ei russisk venninne av meg som kjende filmen frå før fortalde etterpå at alt hadde vore rett, smilar Bjørø.

Som ei filmstjerne

Sjølv om Paradox ikkje nådde opp i konkurransa var tilbakemeldingane frå publikum gode.

- Fleire skal ha kome til festivalleiinga seinare i uka og skrytt av filmen. Noko eg sjølvsagt set stor pris på.

Rett etter visinga fekk Bjørø kjenna på det å vera filmstjerne.

- Det var ei artig oppleving når folk i salen kom bort etter visinga og ville ha bilde av seg saman med meg framfor filmplakaten, fortel Bjørø.

Til Paris og Finland

Neste store hending for Bjørø no er deltakelse i den viktige filmfestivalen "Nordisk Panorama" i Finland 21.-26. september.

- Der er eg nominert i klassa "New Nordic Voices" saman med ti andre filmar frå Sverige, Danmark, Island, Finland og Noreg.

- Festivalen er i følgje dei som kjenner den frå før eit viktig springbrett. Filmar som har blitt vist der har ein tendens til å leva sitt eige liv etterpå, fortel Bjørø som håpar han skal få tid til å reisa til festivalen.

Også franskmenna har fått augane opp for det osiske filmtalentet.

- Eg fekk nett i dag tidleg ein e-post frå ein filmfestival i Paris som hadde lyst å sette opp filmen, så den byrjar å spre seg.

Fast jobb som klippar

Bjørø har det siste året jobba freelance uten å veta frå veke til veke kva som ville koma av oppdrag. Onsdag i førre veke starta han i fast jobb som klippar for det bergenske produksjonsselskapet Pandora Film.

- Dei laga mykje dokumentarar og seriar for TV. Mellomanna står dei bak "Tid for hjem" og "Akvariet" på TV2, fortel Lyssand.

Jobben som klippar passar den unge filmskaparen som hånd i hanske.

- Eg stortrivs. Her får eg bruke dei kreative evnene når alt råmaterialet skal settast saman og film skal skapast.

- Dessuten er det deilig å ha ein fast jobb å gå til og slippa å jakte etter stadig nye oppdrag, fortel Bjørø ærleg.

Ein klippar har ei sentral rolle i det å skapa film ut av timesvis med opptak. Saman med regissøren set klipparen samen filmen ut frå regissørens visjon, men med klipparen sine kunstneriske evne og teft.

- Det blir ikkje god film uten ein god klippar, slår Bjørø fast med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.