Lokal | 12. nov. 2013

Hektisk veke

Det er hektisk aktivitet blant arrangørane no når det nærmar seg opninga av den aller fyrste Bjørnefjorden Utdanningsmesse.

Hektisk veke
Thorleif Eikeland og Bjørn Solheim i Os Lions er prosjektansvarleg og prosjektleiar for yrkes- og utdanningsmessa på Nore Neset (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtirsdag 12. nov. 2013 12:42

Bjørnefjorden Utdanningsmesse opnar i Nore Neset Aktivitetshus torsdag 21. november. Messa som går over to dagar er eit samarbeid mellom kommunar og næringslivet rundt Bjørnafjorden, kor Lions Club Os er teknisk og praktisk arrangør.

- No forsøker vi å distribuere messeavisa rundt i dei 5 kommunane som er med på messa, seier prosjektansvarleg Thorleif Eikeland.

Desse kommunane er Os, Fusa, Samnanger, Tysnes og Austevoll.

Les òg: - Ligg godt an

Er i mål

Arbeidet med å arrangera den fyrste utdanningsmessa i Bjørnefjordregionen har vore meir tidkrevande enn forventa for Os Lions Club.

- Men vi er i mål no og har fått med 55 utstillarar, vi har ikkje plass til fleire.

Blant utstillarane finn ein bedriftar med ulike rekrutteringsbehov, vidaregåande skular, fagskular, universitet, høgskular, opplæringskontor og offentlege institusjonar.

- Det kjem mellom anna ein del håndverkverkstadar frå Os som slit med rekrutteringa, fortel Eikeland.

Oppfordrar foreldre å koma

På dagtid er messa ope for skuleelevar frå 9. trinn opp til 3. året på vidaregåande frå dei fem kommunane, men onsdag blir òg messa opna for publikum.

- Klokka fem på onsdag kan alle som ønskjar ta turen innom, og eg vil sterkt oppfordra foreldra til skuleelevane å koma og sjå kva bedriftane i nærområdet har å tilby, seier Eikeland.

Arrangørane har lagt ut brosjyrar på NAV kontora og oppfordrar òg jobbsøkjarar til å koma og sjå.

Det vil òg vera seminar/foredrag onsdag kveld om ungdom som ikkje får det til på skulen, og om eit samarbeid mellom Norhordaland handels- og industrilag (NHIL) og NAV.

- NHIL har fått til ei ordning der dei griper fatt i desse elevane og prøver å hjelpe dei.

- Det har fungert veldig bra og vi tenker å få til liknande tankar her, avsluttar Eikeland som ser fram til opninga av messa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.