Næringsliv | 21. okt. 2019

Held butikken open etter konkurs i kjeda

– Vi har blitt oppmoda om det. Eg håper det ender med ei løysing, seier Vita-drivar Anita Lyssand.

Held butikken open etter konkurs i kjeda
Vita har halde ope i dag, og held fram til dei veit meir om buet etter kjede-eigar Cosmetic Group AS. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. okt. 2019 19:00

I ei pressemelding i dag blei det kjent at eigarane av Vita-kjeda er konkurs. Styret i Cosmetic Group AS, som eig og driv kosmetikk-kjedane VITA og Loco, har levert konkursbegjæring til Oslo Byfogdembete.

Dette berører 300 tilsette ved kjedekontoret i Oslo og lageret i Mjøndalen, 23 eigeneigde Loco-butikkar og 207 franchisedrivne Vita-butikkar med til saman 1000 tilsette.

Blant desse er Vita-butikken på AMFI Os, med franchisetakar Anita Lyssand og hennar tre deltidstilsette.

– Vi synest sjølvsagt at det er veldig trist, seier Anita til Midtsiden.

Cosmetic Group AS hadde i 2018 ein omsetnad på 1,35 milliarder kroner.

Held ope inntil vidare

Lyssand har drive Vita på Amfisenteret i 5 år og 5 månadar. Butikken har vunne fleire prisar, blant anna som årets sjef på Vestlandet (2017) og årets medarbeidar i regionen (Anja Håvardstun Iversen, 2019).

– Vi er òg den butikken i landet med flest lojale kundar, 85 prosent av omsetnaden vår går til medlemmar i kundeklubben. I dag har fleire av dei vore innom for å spørja korleis det går, det er ein fantastisk gjeng.

Drivarane har blitt oppmoda om å halda butikkane opne.

– Eg gjer dette for jentene mine (dei tilsette) og for kundane. Vi veit like lite som det rikspressen veit, men vi har inntrykk av at bustyrar prøver å selja buet, noko vi håper han klarer.

– Fram til vi veit noko meir held vi butikken open.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.