Lokal | 07. mars 2019

Held fram med å dela ut røykvarslarar og komfyrvakter

Forstår kokevanane dine: no har Os brannvesen fått inn endå smartare komfyrvakter.

Anne Kjersti Storebø og Martin Østgulen Svendsen fortel at Os brannvesen vil halda fram med fokus på brannsikring for dei eldre. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 07. mars 2019 14:29

Bildeserie:

Den nye «smarte» komfyrvakten til høgre. (Foto: KOG)
Liten, men særs høglytt. Denne røykvarslaren har Os brannvesen no kjøpt 300 eksemplar av. (Foto: KOG)
Den nye «smarte» komfyrvakten til høgre. (Foto: KOG)
Liten, men særs høglytt. Denne røykvarslaren har Os brannvesen no kjøpt 300 eksemplar av. (Foto: KOG)
1 av 2
Liten, men særs høglytt. Denne røykvarslaren har Os brannvesen no kjøpt 300 eksemplar av.  (Foto: KOG)
Den nye «smarte» komfyrvakten til høgre. (Foto: KOG)

Via Gjensidigestiftelsen sitt prosjekt «Det store brannløftet», har Os brannvesen allereie kjøpt inn 65 komfyrvakter til utdeling.

No har brannvesenet gått til innkjøp av yttarlegare 28 komfyrvakter og 300 røykvarslarar.

Med sensor og gyro

Leiar for forebyggande avdeling, Anne Kjersti Storebø fortel at det spesielle med dei nye komfyrvaktane er at dei er «smarte».

– Tilkoblinga som ligg mellom komfyren og straumuttaket i veggen er mykje det same, men i sensoren som du monterer på veggen eller på avtrekksvifta over komfyren, ligg det to smarte sensorar, eller kamera om du vil. Desse skjøner, og oppdaterer seg på kokevanane dine, og sat på spissen vil dei skjøna skilnaden på om du steikjer kjøttdeig eller om du koker pasta. Dei kjem òg med ulike fargedeksel som kan bytast ut. Slik vert dei ikkje skjemmande i høve til kva farge du har på kjøkkenet ditt. Det ligg òg to gyroar montert i komfyrvakten, så om du etter reinhald monterer den feil, vil du bli varsla med lysignal om at det er noko som ikkje stemmer.

Der ein «vanleg», standard komfyrvakt kostar rundt 3000 kroner, ligg stykkprisen på dei nye smartingane ein stad mellom fire- og fem tusen kroner, fortel Storebø.

Når det gjeld dei 300 røykvarslarene, kan Storebø fortelja at dei ikkje er store, men at dei veit å gje lyd frå seg.

– Dei er imponerande små i storleik, men det betyr ikkje at dei ikkje er lyd i - snarare tvert imot. Dei skal definitivt klara å gjera deg merksam på ei røykutvikling.

Godt samarbeid mellom tenestene

Storebø fortel at det no er etablert eit godt samarbeid mellom ulike tenesteområde i kommunen for å sikra dei mest utsette gruppene mot brann.

– Målgruppa for å få montert røykvarslar og/ eller komfyrvakt er heilt klart dei eldre. På landbasis er tala her heilt klare. Denne gruppa er ekstra utsett for brann i heimen, og veldig ofte er det tørrkoking brannvesenet må rykkja ut til. Komfyrvakt er ei effektiv måte å unngå tørrkoking, og verste tilfelle eit branntillaup.

– Vi her på brannstasjonen arbeider no tett saman med tryggleiksjukepleiar, heimesjukepleien og hjelpemiddelsentralen i Os kommune for å syta for branntryggleik for dei eldre i Os.

– Via desse tenesteområde, og via våre eigne feiarar, får vi god hjelp til å danna oss eit bilde av kor vi bør gå inn og tilby førebygjande tiltak som komfyrvakt og røykvarslarar.

– Det er sjølvsagt visse kriterium som oppfyllast, men det skal ikkje vera vanskeleg å få hjelp frå oss til dette. Ofte er det dei eldre sjølv som tek kontakt med oss eller ei av dei andre tenestene, då dei ønskjer å sjekka at alt er i orden i heimen når det gjeld brannsikkerheit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.